Giske kommune har hatt som mål at alle som underviser i grunnskulane i Giske skal ha godkjend utdanning for å kunne gje god kvalitet på tilbodet.

I tilstandsrapportane siste åra, ser vi at dette målet ikkje er nådd.

Det er no krav om fem års høgskuleutdanning for å bli vanleg lærar i grunnskulen. Korleis vil rekrutteringssituasjonen bli dersom lærarar blir lønstaparar år etter år?

Det kostar å ta utdanning. Då vil ein ha ei løn som tilseier at utdanning lønner seg.

Lønnstaparar

I lønsoppgjeret for lærarar denne våren, er dei med høg utdanning og høg ansiennitet tilbode 2,3 % lønsauke. Med andre ord vert det reallønsnedgang sidan prisveksten er forventa å vere på 3,3%.

Forhandlingsleiar i KS, Tor Arne Gangstø, seier at han har kommunepolitikarar i ryggen for sine prioriteringar.

Står politikarar i Giske kommune bak ei prioritering der lærarar med høg utdanning har sakka akterut over mange år, eller kjenner dei på eit ønskje om å satse på kvalifiserte lærarar som også bør vise igjen i lønnsforhandingar?

Ein av tre sluttar

En av tre nyutdanna lærarar sluttar innan fem år. Korleis kan vi hindre dette? Kan løn vere eit verkemiddel?

Utdanningsforbundet ønskjer å vise at å vere lærar er ein kompleks jobb som krev utdanning for å sikre god kvalitet. Vi meiner det er til barns beste å ha tilgang på godt utdanna lærarar.