Alle andre øysamfunn i landet med mindre enn 100.000 reisande får no gratis ferjer.

Geir Inge Lien(Sp) i Transportkomitéen kunne med eit pennestrøk sikra fleirtal med Ap og SV og kutta bompengane tilsvarande ferjebiletten.

I staden er Sp og Ap med støtte frå Birgit Oline Kjerstad i SV mest opptatt å straffe øysamfunnet på Nordøyane.

Dersom det er slik Sp, Ap og SV i Møre og Romsdal har tenkt å behandle folk heime i Møre og Romsdal, er det berre eit ord for dette: Greinalaust!

Eg kjem på vegner av Frp til å fremje i proposisjonen som skal til behandling 19/5 eit «framlegg om kutt av bompengane tilsvarande ferjebiletten».

Så får vi sjå korleis dei andre i Mørebenken har tenkt å reagere på dette.