Det var nok mange som fekk seg ei kald dusj då dei leste Sunnmørsposten og faktisk fekk tala for kva det vil koste å køyre frå fastlandet og over til Nordøyane — 179 kr per passering med 20 prosent rabatt med vanleg passasjerbil som går på drivstoff, og halvparten om ein har elbil. Dette har ikkje folk råd til. Øybuarar kan kjenne på kjensla av å bli fengsla ute på Nordøyane. Dette er ei oppskrift på å legge ned distrikta.

Mange vil nok påstå at dette var noko øybuarar var førebudd på, og at ein skulle betale nokre tusenlappar i bompengar i månaden har ein vore innforstått med, men pga. at kostnadsramma har steget kraftig, har også bompengesummen steget mykje meir enn ein kanskje kunne førestille seg. Ein må hugse på at førespegla betaling per passering var på 109 kr. For nokon som pendlar fem dagar i veka mellom Nordøyane og fastlandet grunna jobb og liknande vil den månadlege summen vere med den nye taksten og eit tak på 40 passeringar på heile 7160 kr i bompengar! Dette er ei kraftig auke i dei månadlege utgiftene som vil kunne vere vanskeleg å handtere for mange. Klart, ein slepp unna med 3580 kr om ein har elbil, men vi må passe oss for å tru at alle har råd til å kjøpe elbil med eit knips. Samtidig risikerer ein at om 25 år vil ein ikkje ha betalt ned vegen om alle skal køyre elbil som gir reduserte inntekter, naturlegvis.

Ein skal også vere obs på at dette kan også gå utover arbeidsplassane då det er folk frå fastlandet som pendlar den andre vegen også, og bedrifter og tenester risikerer å misse kompetanse og at folk heller ikkje vil etablere seg her.

Det verkar som at fylket står samla i denne saka, og at politikarane på Fylkestinget ønskjer seg reduksjon i bompengeutgiftene. Så kva kan gjerast? Representantar frå Sp og Ap har fått avslag frå si eiga regjering om å kutte bomprisen på Nordøyvegen tilsvarande nedgangen i ferjeprisane (bebuarar på Nordøyane kunne ha fått gratis ferje innan fire år).

Raudt stilte spørsmål til fylkesordførar Tove-Lise Torve om kva fylkeskommunen sjølv kan gjere, men svaret er dessverre at vi ikkje kan forlenge nedbetalingstida eller sette ned taket på 40 passeringar i månaden. Løysninga er rett og slett at Stortinget må ta ansvaret og kutte i bompengeprisen på lik linje som kutta i ferjebillettar. Frank Sve har på vegner av FrP fremja dette som eit Dokument 8-forslag til Stortinget, og det er viktig at lokalpolitikarane i fylket no legg press på partia våre på Stortinget og syt for eit fleirtal for dette forslaget. Her må vi jobbe tverrpolitisk for å hjelpe sikre eit levande distrikt- og øysamfunn.