Israel sin politikk overfor palestinarane har sidan 1967 vore å bruke militærmakt, bedrageri og terror for å kolonisere, fordrive og undertrykke palestinarane og hindre dei frå å oppnå fundamentale universelle rettar, politiske, økonomiske og humanitære. Dette er sjølvsagt ikkje oppskrift på fred. Det hjelp heller ikkje å snakke om tostatsløysing etter kvart valdsutbrot, og så gløyme det etter at det har roa seg.

Første steg i ein ny fredsprosess må derfor no vere å anerkjenne staten Palestina snarast råd som fullverdig medlemsstat av FN, beståande av Gazastripa og Vestbredden med Aust-Jerusalem som hovudstad og med grenser som våpenkvilegrensene i 1949, jf. 4. juni 1967. Deler av staten Palestina vil vere mellombels okkupert av Israel, det er ei levning frå den sionistiske ny-koloniseringstida 1967-2023, ein realitet som snarast må ta slutt. Men den israelske militærokkupasjonen kan ikkje lenger vere til hinder for slik anerkjenning, for historiske Palestina har heilt sidan 1947 vore eit unntakstilfelle i FN-samanheng, og før det i Folkeforbundet-samanheng.

Lovnadane som sionistane fekk av Folkeforbundet etter første verdskrig blei oppfylt med FN-planen frå 1947 om å dele området i to statar. Grensene frå våpenkvileavtalane låg til grunn då staten Israel i 1949 fekk FN-medlemskap. I 1949 var 70 prosent av palestinarane på flukt, og ein palestinsk statsdanning slik FN planla, var sjølvsagt då heilt umogleg. Palestinarane aksepterte tostatsløysinga i 1988. No må løysinga fullførast, dersom det skal bli håp om fred.

Anerkjenning av staten Palestina no vil skape ein ny dynamikk i situasjonen. Det vil vere ein klar beskjed til alle i Israel om at sionismen er irrelevant og uakseptabel i dag. Det vil også sende eit varsel til dei som har busett seg ulovleg på Vestbredden og i Aust-Jerusalem, at dei enten må søke om statsborgarskap i staten Palestina, eller flytte. Dersom Israel ønsker at grensene mellom dei to landa skal endrast, må Israel be om forhandlingar med Palestina.

Ei anerkjenning no vil ikkje minst gi eit heilt nødvendig håp til alle palestinarar som kjem til å måtte bu i teltleirar i åra framover, til Gazastripa er bygd opp att, at barna deira kan få ei god framtid i fred og fridom.