Ikkje ut av NATO, ikkje inn i EU, var den raudgrøne regjeringsdoktrina i åtte år. SV sitt NATO-standpunkt var ikkje, og er ikkje, til hinder for eit skikkeleg raudgrønt styre. SV som parti toler godt sitt eiga mot-NATO standpunkt, men toler ikkje eit Libya til.

Gorbatsjov og Reagan fjerna mange atomvåpen, men den historiske sjansen for fred og samarbeid glapp. Dette er godt forklart av Aftenposten sin tidlegare utanriksredaktør Ulf Andenæs som sat ringside og rapporterte frå NATO møtet i 1994 der tøvêret kunne ha blitt omskapt til forpliktande samarbeid. Skal vi halde kjeft om dette no når krigen rasar og ukrainarane slost for liv og heim?

Sjølv argumenterte eg mot, men stemte for våpenstøtte i to omgangar i landsstyret til SV. Eg trur ikkje på at meir våpen gjer fred, men forstår at i ein bestemt situasjon kan det vere slik.

Eg foreslo i landsstyret i SV hausten før Russlands krig mot Ukraina 3–4 konkrete område vårt forsvar kunne samarbeide med dei andre nordiske landa om. Dette var felles vedlikehald av stridsvogner, luftforsvar m.m. og alle innretta på å spare pengar for å få ned utgiftene til militæret. Nedstemt der som overalt elles der nordisk forsvarssamarbeid har blitt forsøkt konkretisert.

Men no når Sverige og Finland skal inn i NATO, då skal det bli! SV sitt NATO-standpunkt trengst ikkje endrast fordi det står ikkje på alliansetilhørigheit, men på politisk vilje til å få ned militærutgiftene i Norden. Slik at den nordiske modellen, verdskjent som han er kan bestå.

20 milliardar kan vi spare om vi ikkje kjøper nye stridsvogner. Ramaskrik i Forsvaret. Finnmark skal overgis. I Sverige og Finland reagerast det med at deira soldatar skal forsvare Norge.

Det er jo dette som er nordisk forsvarssamarbeid om vi vil ha det i praksis. SV vil vere med på å bygge opp meir nasjonalt forsvar uavhengig av USA og NATO. Nordisk samarbeid gjer dette mogleg.

Stoda i dag er at militærvesenet står for ein stor andel av Co₂ utsleppa. USA har, rimeleg nok sett frå deira ståstad, fått dei europeiske landa til å betale for eigen tryggleik når 2 prosent av BNP no skal gå til militæret. Trusselen er klima og då kan vi ikkje svi av pengane på militæret.