Hellesylt går dermed glipp av investeringar på om lag 600 millionar kroner og 65 nye arbeidsplassar.

Årsaka er regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2023 med mellom anna kraftig auke i formuesskatten. For Flakk Gruppen er det snakk om ei dobling frå 9,1 millionar kroner i 2021 under Solberg-regjeringa i 2021 til 18,2 millionar kroner i 2023. Den totale skattlegginga vil utgjere meir enn det samla overskotet til selskapet.

Flakk Gruppen er diverre ikkje åleine om å kjenne på konsekvensane av Støre og Vedum sin næringsfiendtlege politikk. Som kjent skal skattane neste år aukast med 46 milliardar kroner, der det meste av rekninga, 41 milliardar, vert sendt til næringslivet og dei som eig større og mindre verksemder. Etter at framlegget vart presentert sende Stranda Høgre ein e-post til leiarar og eigarar i verksemder i kommunen, med to spørsmål:

  • Kva vert truleg konsekvensane av skatteframlegga for bedrifta di med omsyn til drift og planlagde investeringar?

  • Kva meiner du det særleg er viktig at Høgre jobbar for å endre i sitt alternative framlegg til statsbudsjett?

Tilbakemeldingane frå næringslivet i Stranda kommune er eintydige: Skattebyrda vert samla for stor og skaper usikkerheit for framtidige investeringar. For verksemder innan fiskeoppdrett og dei som leverer tenester til denne næringa, er det særleg otte for framlegget om grunnrenteskatt. Det vert mellom anna vist til at mange oppdrettsfirma no har latt vere å gjere bruk av moglegheita til kjøp av ekstra produksjon. På den måten har investeringar allereie gått tapt og Norges posisjon som leiande innan havbruk vert svekka.

Det same gjeld både dei som er engasjert i reiseliv og i dei mange mindre industriverksemdene i kommunen, samt dei som investerer i typiske gründerbedrifter. Når eigenkapitalen vert tappa som fylgje av høgare skatt på formue og utbytte, vert òg tilgangen på framandkapital svekka. So sjølv om viljen til å gjere nye investeringar er stor, vert evna på langt nær den same. Som ein investor skriv til Stranda Høgre: «Både omfang av skattar og den uvissa som rår om «kva vert det neste?», går til direkte reduksjon på denne potten.»

Av dei 41 milliardane som regjeringa skal dra inn i auka skatt frå næringslivet, kjem 7,7 milliardar i form av påslag med 5 prosent i arbeidsgivaravgifta for alle dei som har ei samla løn over 750.000 kroner. Tilbakemeldinga frå det lokale næringslivet er at det er uklokt. Det kan mellom anna føre til at fleire vel å leige inn arbeidskraft i staden for å tilsetje folk med høg kompetanse.

Det næringslivet treng no er ein politikk som sikrar investeringar, vekst og innovasjon både på Sunnmøre og i resten av landet. Vi er redd for at regjeringa i sin iver etter å ta dei rike, rett og slett vil føre til fleire fattige.