Mykje har vore skrive om kommunedelingssaka dei siste månadane. Med krav om at no skal demokratiet heim til Haram, folkeviljen må bli høyrt og det er no det gjeld. Engasjementet har vel vore sjeldan stort, alle skal med. Vi gler oss til det same engasjementet gjer seg gjeldande når vi treng klassekontaktar til FAU, frivillige til arrangement og elles dugnadar for born og unge. Det blir fantastisk det!

Men om du trudde det var fyr i kommentarfelta før kommunestyret den 17. mars, så er det ingenting imot det som har vore etterpå. Det eine meir harmdirrande innlegget etter det andre har vore på trykk både i media, og ikkje minst som statusar på sosiale media. Skuldingane om svik, inkompetanse både frå politikarar og kommunedirektør, og ikkje minst at vi som helst ønskjer oss ein kommune der vi er sterkare i lag, er orsaka til bygdesplid og ufred. Ja, til og med at vi gjer dette fordi vi har særinteresser i å jobbe for det vi trur på. Kva særinteresser «patriotkapitalen» frå Brattvåg har, er det ingen som stiller spørsmål om.

HUAÅ er visstnok oppteken av lokaldemokratiet skal vinne fram, at alle stemmene skal bli høyrt. Men det gjeld tydelegvis ikkje om du ikkje har same meining som dei. Dei har levert innbyggjarforslag som dei har kravd skal handsamast, men når andre med ei anna meining gjer det same er det berre splid og ein hån mot demokratiet. Så oppteken som HUAÅ og SP er av at demokratiet skal få kome til uttrykk så burde dei applaudere at og dei som ikkje har kapitalinteressene frå enkelte toppar i næringslivet i ryggen og kan tapetsere avisene både i papir og på nett med annonsar i månadsvis, kan bli høyrt av politikarane.

Folkeavstemminga den 3. mars var rådgjevande, og politikarane tok jo faktisk rådet til følgje. Dei røysta, diverre etter våre syn, for ei utskiljing av ein del av Ålesund kommune, men tok og til seg at det slett ikkje var eit brøl om lausriving frå delane Vatne/Tennfjord og Grytastranda/Søvika. Sjølv mot-underskriftskampanjen som folk er rasande for at ikkje kom med i saksutgreiinga, vart røysta over i kommunestyret. Etter vedtak om utskiljing sette nemleg varaordførar Krogsæter desse to opp mot kvarandre. Skulle ein skilje ut heile gamle Haram, eller gjere ei grensejustering og berre søkje om utskiljing for delar. Og det er nettopp det siste som no er gjort. Så får vi sjå kva regjeringa seier.

Dette er sjølvsagt ei personleg prestisjesak for Vedum, sidan vi er den einaste kommunen i heile Noreg som gjer slikt vedtak. Sp har i årevis mana om at regjering og storting må høyre på lokaldemokratiet og at kommunane må få bestemme sjølv. Vi reknar med at dei no gjer akkurat det i handsaminga av denne saka. Ei overkøyring av kommunestyret sin vilje om ei grensejustering vil vere ingenting anna enn nettopp ein hån mot lokaldemokratiet. Frå sjølvaste Sp.

No ligg saka til handsaming i Oslo, og vi håpar at raseriet minkar og dei såra kjenslene betrar seg snart. Ingen har vel fått det heilt slik som dei helst ville, og det må vi leve med. Alle mann alle.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!