Det er jo målsettinga til parti frå Rødt, SV, MDG, Ap, V, KrF og Sp. Altså heile den raude sida. Samfunnet er meir enn nok delt, om ikkje flagget og den særstilling det norske flagget har hatt, skal bli svekka. Stat og kommune skal opptre på vegner av oss alle og gjennom det vere viktige brikker i det som skal halde oss saman som samfunn.

Derfor er det å vedta den foreslåtte endringa i flagglova langt meir alvorleg enn det kan fortone seg som i utgangspunktet. Er kanskje Høgre ikkje lenger eit alternativ til den sosialistiske sida? Høgre vil no også kutte i kontantstøtta som har bidratt til eit val for foreldre å kunne velje å vere heime med borna medan dei er små? Valfridom har jo vore fronta av H som ein sjølvstendig verdi. No derimot er argumentasjonen heilt lik den vi høyrer frå venstresida.

Ruspolitikken har lenge vore under debatt og frå deler av venstresida har det vore eit press i retning av ei liberalisering av narkotikapolitikken. Straff skulle fjernast og alt skulle dreie seg om rehabilitering. Nokre av oss meiner at desse to sidene kan heilt greitt bli utvikla parallelt og det eine treng ikkje utelukke det andre. Hadde aldri forestilt meg at Høgre ville gå i front for å liberalisere norsk narkotikapolitikk.

Høgre er og talsperson for at Norge skal bidra til ei globalisert samfunnsutvikling. Her vil nasjonalstaten bli svekka bit for bit og stadig fleire avgjerder i ditt og mitt liv vil bli avgjort i organ langt borte frå oss. Dette er organisasjonar som ikkje treng å vere underlagt særleg demokratisk styring og kontroll. Dei vil heller naturleg nok ikkje nødvendigvis ha norske interesser som første prioritet. Derfor vil denne samfunnsutviklinga vere svært avgjerande for Norge og dess lenger det får gå føre seg, dess vanskelegare blir det å skulle få korrigert kursen.

Mitt råd er at du snarast gjer deg kjent med kva dei ulike partia stemmer i praktisk politikk og ikkje tar for god fisk det dei seier at dei står for. Valet ditt til hausten kan få større konsekvensar enn du er klar over. Vil du ha ei endring, må du endre valet ditt.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!