Venstre meiner tida er overmoden for at Noreg innfører lobbyregister og får slutt på hemmeleghald om kven som besøker Stortinget for å påverke. Motstanden mot å opne opp Stortinget bikkar no over i parodien.

Å «lette på sløret» om kven som besøker Stortinget og kva dei gjer der, får større og større aktualitet. Sikkerheitssituasjonen etter Russlands angrepskrig mot Ukraina, avsløringane om bruk av gamle stortingsrepresentantar sine såkalla «gullkorta» til lobbyisme og pendlarbustad-rotet pressar fram stadig større behov for å få slutt på alt unødvendig hemmeleghald på Stortinget.

Alle desse sakene har Stortingets presidentskap sett på med stort alvor. Då skulle du tru at dei også ville sjå på løysingar for å skape meir openheit og vinne att tillit. Men nei. Fleirtalet i presidentskapen seier nok ein gong nei til lobbyregister – slik Venstre har foreslått og Stortinget om kort tid skal ta stilling til.

Fleirtalet i Stortingets presidentskap – Ap, Høgre, Frp og Sp med stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) i spissen – er så sikre på at lobbyregister er ein uting at dei ikkje ein gong vil greie ut moglege løysingar, slik Venstre ber om. Ja, dei er faktisk så sikre på at ingen nye argument for meir openheit på Stortinget har dukka opp det siste året at innstillinga er ordrett den same som sist Venstre foreslå lobbyregister for fire år sidan! Ingenting nytt – berre nei på repeat.

Lobbyisme er ikkje noko kriminelt. Det er ein naturleg og nødvendig del av politikken – og ei viktig demokratisk kjelde til supplerande informasjon ut over det Stortinget får i saksdokumenta.

Men som «gullkort»-sakene syner, er det eit stort press på Stortinget frå sterke organiserte interesser. Utstrekt lobbyisme utan openheit og kontroll gir størst makt til økonomisk sterke og velorganiserte særinteresser, medan andre sitt utanfor. Det er årsaka til at stadig fleire land no innfører lobbyregister – og at Europarådet sitt antikorrupsjonsorgan (GRECO) har bedt Noreg innføre lobbyregister og kallar mangelen på regulering av lobbyisme i Noreg ein «vesentlig svakhet i systemet».

Debatten om korleis Stortinget skal gjenreise tilliten er i full sving. Eitt av svara må vere meir openheit. No må det luftast ut på Stortinget. Dessverre ser det ut til at folkestyre og openheit framleis er ord som passar Stortingets presidentskap best på 17. mai. Når kvardagen kjem, er det tilbake til nei til openheit på repeat.