I Sunnmørsposten kunne vi nyleg lese at Momentium har 2000 frivillige. 2000! Problemet er berre at desse 2000 ikkje er frivillige. Dei får nemleg betalt for ein jobb.

Det er sjølvsagt vel og bra, og ganske vanleg, at folk får betalt for arbeid. Men då snakkar vi faktisk ikkje om frivillige, men om innleigd arbeidskraft.

Frivillig arbeid er arbeid der ein ikkje er i eit tilsettingsforhold og ein ikkje mottar ordinær løn. Det er ein definisjon som ikkje kan bestridast.

Eg driv ein frivilligsentral og er også leiar av Langevåg IL. Med tallause frivillige som ikkje får betalt, men som gjer noko for seg sjølv og andre fordi dei har lyst. Fordi dei ser ein verdi i å vere nettopp frivillig. Ein verdi i å vere med på noko som betyr mykje for andre på staden dei har livet sitt på. Det kan vere som fotballtrenar, drive kafé for eldre, stå i ein kiosk eller vere vaksen på ungdomsklubb. Kvar dag, heile året rundt, er dei trufast på plass og gjer noko for andre.

Utan å få ei krone for jobben. Dei får kanskje ei varm jakke og får prøvesmake på vaflane- men det er også alt.

Eg må seie at Momentium her er på villfarne vegar som direkte undergrev det å vere frivillig. Den dagen vi i Langevåg IL eller Sula frivilligsentral må ty til innleigde arbeidarar som får betalt — er også dagen då vi er ferdige.