Byane er ikkje dimensjonerte for den sterk voksteren i folketal som vi fått i og med den sterke urbaniseringa gjennom mange år, og som vi no ser resultatet av. Først kom byane. Så bilane. Løysinga synest å vere bypakkar:

På Vegvesenet sine sider finn eg at Kristiansund får ein pakke på 1, 25 mrd. kroner. Molde det doble: 2,5 mrd. kroner. For Ålesund finn eg ikkje nyare tal enn 6,5 eller 6,3 mrd. kroner. Ei dobling av doneringa til Molde.

Mykje vil ha meir. Politikken som er ført er styrt – styrt i retning av byane. Der har høgrepartia sine bastionar. Der er det handel og «kommers» og ikkje minst arbeidsplassar, offentlege og private arbeidsplassar. Folkeauken fått kjem i høg grad frå distrikta rundt. Vi såg det lettare då vi hadde telefonkatalogar og utifrå etternamna forstod kvar byfolket kom ifrå.

No lever byfolket trongt medan vi på landet har det ekstra romsleg.

Vi klagar sjølvsagt også på vegane, på kollektivtilbodet og dei manglande sykkel- og gangvegane.

Vi har fått opp noko gatelys og kanskje nokre rundkøyringar, det er nummeret før vi får lyskryss i nokre av småbyane våre. Men vi kan ikkje gå rundt å klage heile tida heller.

Dersom ein skulle gå etter folketalet ville kvar ålesundar med 6,5 milliard få kr 136.813 kvar. Min eigen kommune (Norddal) med eit folketal på 1650 ville då få kr 225.741.450 Vi kunne gjere mykje for det!

Sjølvsagt ville vi bruke mykje på å betre kommunikasjonane. Men ville ikkje vi også i større grad satse på arbeidsplassar, kortreiste arbeidsplassar, helst i gå- eller sykkelavstand frå bustaden. Gjerne grøne arbeidsplassar.

For å sette fart på eit nødvendig grønt skifte burde dei helst vere statlege og innretta på utvikling, for by og for land.

Gjenbruk av gamle slagord er ikkje å forakte!

Med dette er Landpakken lansert.