Vi har fleire hundre ulike språk rundt i verda, dialektar og slektningar knytte til desse språka, er mest uråd å talfeste.

Vi stoggar ved vårt eige her i landet. Bokmål, nynorsk og samisk er våre tre offisielle hovudspråk. Ut frå desse tre har vi rundt i landet vårt mange dialektar som dei fleste skjønar. Bruken av dialektar kan i mange samanhengar vere grunnlag for ulike meiningar. Her kan vi i dag vise til bruken av dialektar i nyhendesendingar i media.

I vår vesle andedam – Ørskog – er språket vårt nynorsk noko ispedd bokmål. Dialektane i bygda og rundt er i hovudsak tufta på nynorsk. Då nye Ålesund vart skipa frå 1. januar 2020, hadde politikarane syn for at nynorsk skulle vere «kommunalt» språk her hos oss. Takk for godt og framsynt vedtak. Noko viktig skal skje i nær framtid, ein del av kommunen vert skild ut som eiga kommune – Haram. Røyster har kome om at no må nye vedtak gjerast – nøytralt eller bokmål. Nøytralt inneber i praksis bokmål – røynsle syner det. Ålesund var språknøytral før 2020, den situasjonen bør vere historie. 47 kommunestyrerepresentantar skal etter valet gjere mange vedtak – også om språk. Mi klåre oppmoding er: Hald fast på vedtaket om nynorsk!

I vår del av dagens Ålesund hadde vi Skodje og Ørskog Mållag. Eg skriv hadde for så vidt eg kjenner til, er dette laget i praksis slått saman med Borgund Mållag. Som medlem i dette laget vil eg peike på tre viktige saker som dette laget og fleire til bør engasjere seg i.

  1. Ålesund kommune sine språkvedtak som truleg vil kome alt i 2024. Kjemp for nynorsk. Borgund Mållag må stå på her.

  2. Nynorskelevar i grunnskule og vidaregåande skule har vanskeleg for å få sine læremiddel og lærebøker på nynorsk. Overgang til bokmål vil for desse vere freistande. Her må mållaget engasjere seg. Jamstilte språk krev like vilkår for bokmål, nynorsk og samisk.

  3. I «gamle» dagar delte Skodje og Ørskog Mållag ut ein årleg målpris til ei verksemd eller organisasjon for beste og mest konsekvente bruk av nynorsk i sine annonsar, reklame mm. Prisen hang høgt. Dette var eit tiltak eg oppmodar Mållaget om å ta opp att. Ordninga bør omfatte heile Ålesund kommune og tre i kraft så snart råd er. Det vert hevda av enkelte at alle typar reklame må vere på bokmål (eller engelsk?) for at folk skal forstå. Dei verksemder og organisasjonar som nyttar nynorsk vil hevde noko heilt anna! Desse kan bli fleire rundt om i heile Ålesund kommune. Borgund Mållag: Ta opp denne hansken og etabler ordninga på nytt.

Sluttord denne gongen; Skriv nynorsk, snakk dialekt! Språk er som sagt viktig!