Vi har hatt torskerømming frå Sunnmøre Torsk (dotterselskap av Gadus group) sin lokalitet på Alida i Volda kommune. Dette vart oppdaga av lokale fiskarar som fekk torsk i garna sine 27. september. Gadus group har inne to søknader om torskeoppdrett i Voldsfjorden; Støylen og Lokkvi. Naturvernforbundet krev no at all utviding av torskeoppdrett vert sett på vent, og at all torsk som Sunnmøre Torsk har i merdane i Voldsfjorden og andre stader må takast opp av sjøen.

I Havforskingsinstituttet sin rapport om påverknaden av oppdrettstorsk på kysttorsk kjem det tydeleg fram at kunnskapsgrunnlaget om temaet er mangelfullt. Dei peiker på manglande kunnskap om korleis oppdrettstorsken påverkar lokale stammar av kysttorsk. Oppdrettslaks som rømmer har negativ påverknad på villaks både med genetisk utarming av lokale stammer og spreiing av sjukdomar, særleg lakselus. Villaksen står no som nær trua på Artsdatabanken si raudliste for artar. Oppdrettstorsken er oppala av genetisk materiale samla frå heile landet, og rask tilvekst er prioritert i seleksjonen. Oppdrettstorsken er difor genetisk svært ulik kysttorsk, som er stasjonær og held seg i fjordane heile året. Det er venta at oppdrettstorsk kan ha stor genetisk påverknad på kysttorsk, særleg i svake bestandar av kysttorsk. Oppdrettstorsken har også ei anna utfordring, den gyt i merdane. Difor må lokale gytefelt til kysttorsk vernast mot oppdrettstorsk.

Rømt torsk kan også spreie sjukdom til villfisk, og konkurrere med villfisken om beiteområde og rett og slett beite på villfisken. Det er også ei rekkje andre parasittar som kan verte utfordrande med auka mengde oppdrettstorsk. I tillegg kan torskeoppdrett føre til endringar i vandringsmønster, åtferd, fysiologi og reproduksjon hos kysttorsken. Dette kan igjen påverke overleving, vekst og rekruttering hos kysttorsken.

Dette burde vere tydelege åtvaringar til politikarar som skal avgjere om dei vil ha torskeoppdrett i kommunen sin. Kysttorskfisket er ein viktig ressurs, som gir oss kortreist, sunn og trygg mat. Men fleire av bestandane av kysttorsk er allereie i dårleg forfatning. Kysttorsken frå svenskegrensa til Agder er freda. No treng kysttorsken i resten av landet også vern!