I Sunnmørsposten 6. september kommenterte Jan Ove Vatne min kronikk av 26.8 om nedstenginga av Tavistock (« Når aktivisme trumfar evidensbasert praksis»). At Vatne tyr til ein stråmannsargumentasjon viser kor viktig det er å få fokuset bort frå det som no skjer i Storbritannia, og som har ringverknader i stadig fleire vestlege land.

Vatne sin reaksjon er forståeleg. LGBT rørsla møter no stadig meir motstand på fleire områder, og åtaka frå støttespelararne blir følgleg meir paniske.

Til Vatne sin orientering: I Storbritannia er det ein einaste spesialistteneste som tilbyr behandling for kjønnsidentitetsproblematikk for mindreårige, The Gender Identity Development Service (GIDS) ved Tavistock og Portman NHS Foundation Trust.

Dr. Hilary Cass sin rapport som eg viser til i min kronikk, omhandlar denne, og britiske helsemyndigheiter har bestemt å stenge den pga av ideologisk malpraksis.

Det inneber at mange barn og unge har blitt behandla utan tilstrekkeleg vitenskapleg evidens, nytten av behandlinga er usikker, i tillegg til at risikoen og dei langsiktige konsekvensane er store og også iblant ugjenkallelege.

Det som skjer i Storbritannia har vekt oppsikt internasjonalt. Søkelyset er sett på «bekreftingsmodellen» som no fleire land går bortifrå pga av risikoen for feilbehandling. I britiske medier blir det opplyst at tusen familier er venta å gå til gruppesøksmål pga av feilbhandling.

I tillegg er «transing» av barn og unge kome i fokus pga av den store auken av særleg tenåringsjenter som ønsker å skifte kjønn. Særleg vert påverknaden som skjer i undervisingssystemet debattert.

Mange stiller seg kritisk til undervising om kjønn og kjønnsidentitet som manglar basis i vitenskap og fagfellevurdert forskning, og meinar at det fins tydelege innslag av sosial smitte.

Så lenge vi enno ikkje veit årsakene bakom, og talet på unge som angrar på kjønnsimiterande behandling, aukar, er det ei påminning om risikoen ved «bekreftingsmodellen» der den unge sin sjøldefinering ikkje blir stilt spørsmål ved.

Erfaringane frå Storbritannia viser at spørsmålet om kjønnsdysfori hos barn og unge ikkje kan drivast utifrå same argumentet som vaksne transpersonar sine rettar.