Arbeidet med å lage ei framtidsretta veglinje for strekninga Digernesskiftet – Ørskogfjellet er krevjande. Som det står i varselet om oppstart av arbeidet med kommunedelplan, er det mange element som skal vektleggjast. Ein skal redusere reisetida mellom Ålesund og Molde, lokalvegnettet rundt strekninga skal sikrast best mogeleg, kollektivtrafikken skal takast best mogeleg omsyn til; likeins trafikksikkerheit, framkomlegheit og miljø. Sjølvsagt vil også økonomi vere svært viktig.

Etter vårt syn vil det vere best at størst mogeleg del av den framtidige veglinja følgjer dagens veglinje. Dette vil vi grunngi nærare nedanfor. Vi vil foreslå at ein frå Digernesskiftet til Valle i praksis følgjer dagens veglinje. Frå Valle/Håhjem vert det bygd bru over Solnørvika til Tøsse. Frå Tøsse til Apalset følgjer ein dagens veglinje. Frå Apalset vert det bygd tunnel bak Sjøholt sentrum som ikkje er lengre enn nødvendig og kjem ut nedst i Landedalen (ved Gjærsledet). Derifrå følgjer ein dagens veglinje til Ørskogfjellet.

Det verkar som tidlegare ambisjonar om fartsgrense på 110 km/t og 4-felts veg på store delar av strekninga er i ferd med å verte redusert. Det synest vi er fornuftig. Det bør vere tilstrekkeleg med 90 km/t på delar av strekninga. Å bygge ei heilt ny veglinje opp Ørskogfjellet når ein no har krabbefelt på plass, vil etter vårt syn vere unødvendig. Veglinja vi foreslår vil etter vårt syn vere framtidsretta og «god nok» i overskodeleg framtid. Med å bygge bru over Solnørvika vil det etter våre berekningar korte inn dagens veglinje mellom Ålesund og Molde med om lag 3 kilometer.

Vårt forslag til veglinje vil ha fleire openberre fordelar. Totalinvesteringa på strekninga Digernesskiftet – Ørskogfjellet vil verte betydeleg lågare enn ved andre alternativ. Talet på kilometer i tunnel vert lågare. Ulike naturinngrep vert betydeleg mindre. Framtidige drifts- og vedlikehaldskostnadar på totalt vegvedlikehald i området vert lågare då ein får mindre tal på kilometer veg, med å i størst mogeleg grad følgje dagens veglinje. Vi veit det ikkje er så enkelt å flytte investeringsmidlar frå eit prosjekt til eit anna. Likevel er det nærliggjande å tenke at «samfunnsnytten» av å bygge ei veglinje som er «god nok» mellom Digernesskiftet og Ørskogfjellet, og bruke sparte investeringsmidlar her til å utbetre E136 opp Romsdalen, ville vere svært fornuftig.

Når det gjeld kollektivtrafikken er det svært utfordrande å få til gode løysingar den dagen veglina er flytta ut av Sjøholt sentrum. Spesielt gjeld dette for passasjerar frå Sjøholt-området og Fjord kommune og delar av Stranda kommune. Med vårt forslag til veglinje bør det ligge betre til rette med tanke på at det nye veglinja er såpass nær Sjøholt at ein del av bussavgangane som går mellom Moa og Molde/Åndalsnes bør kunne ta av frå hovudvegen og køyre innom Sjøholt sentrum.

Når det gjeld biltrafikken frå Indre Sunnmøre (Fv 650) vil det vere viktig at påkoplinga til den nye veglinja vert så langt nede i Landedalen som råd. Dette vil også verte best varetatt med vårt forslag til veglinje.