Frank Sve sin versjon av forteljinga om bompengeproposisjonen «heng ikkje på greip», som vi seier på Sunnmøre. Politisk resultat oppnår ein gjennom kunnskapsdeling og samarbeid; ikkje gjennom polemikk og populisme.

Nordøyvegen kosta det den kosta. Rekninga er høg og må betalast, og så er vi mange som kjempar kvar på vår kant om å få forståing for at det vil løne seg for staten til å ta ein litt større bit av rekninga. Eg forstår, og SV er heilt einig, med Frank Sve i at det vil vere svært negativt for øysamfunnet om takstane vert sett så høgt som det no er signalisert.

No står Nordøyvegen der og eg gjer det eg kan frå min kant med å prøve å få ned takstane. Eg sit ikkje i kommunal-, transport- eller finanskomiteen. Min veg inn i saka er å påverke mine partikollegaer slik at desse kan forhandle med regjeringspartia sine representantar i dei komiteane som har ansvar for saker som kan påverke kostnadane med å bruke Nordøyvegen.

Kostnadane og faren for å få øydeleggande høge utgifter for øybuarane med å bruke den nye vegen, var ein av grunnen til at Møre og Romsdal SV ikkje gjekk inn for Nordøyvegen i si tid. Vi er svært kritiske til bygginga av ferjefri E39 og Møreaksen av same grunn. Eg er uroleg for dei samfunnsmessige fylgjene av for høge pendlarkostnader. Men denne saka, som alle andre budsjettsaker, handlar om prioriteringar mellom gode formål og kamp om midlane.

Eg er takksam for alle gode gjennomarbeida innspel, og vil rose lokale og fylkeskommunale krefter som gjer ein viktig og konstruktiv jobb med saka.

Saman må vi stå på vidare for å prøve å finne ei løysing.