I saka om grensejustering for Haram, så forstår eg det slik, utifrå kva eg les på Lovdata.no, at her ikkje finst heimel til å sende inn søknad om grensejustering. Trur det er paragraf 3b som seier at det må vere «ein mindre del» av kommunen for at grensejustering skal kunne vurderast. Dette er ein stor del!

Det andre er at innbyggarane skal spørjast, kunne stemme over saka o.s.v. Dette er heller ikkje gjort. Eg har i mine tre periodar som kommunestyremedlem i tre ulike kommunar, Haram, Ørskog og Haram, aldri opplevd ei så ukurant sak som dette. Forslaget frå Ålesunds-lista, som i hast fekk fleirtal, var umusikalsk og grensar til å vere uverdig for eit kommunestyre utifrå saksbehandlinga. Alle kan gjere feil, så eg trur at enkelte etterpå angrar på si stemmegiving. Slikt må ein berre tilgi og gå vidare. Kommunane må samarbeide og interkommunalt samarbeid.

Utifrå urimelegheit, funksjon, rettferd og det som står i Lovdata, så kjem departementet mest truleg til å avslå søknaden om grensejustering knytt til at Vatne, Slyngstad, Grytastranda og Søvik skal få kunne gå inn i Ålesund. Til samanlikning så søkte Ona om å få gå over til Aukra, blant anna fordi dei følte seg som romsdalingar. Dette var ein søknad som ein kunne ha forståing for, men dei fekk avslag.

At Ålesund skal få stikke av med 1/3 del av Haram ville nærast ha punktert Haram. Verken oppegåande byråkratar eller oppegåande folkevalde vil punktere kommunar. Når det er sagt, så vil eg hevde at alle kommunestyrerepresentantar i Ålesund kommunestyre ER oppegåande, men at denne saka var for hastig, ikkje greia ut. Derfor stemte mange rett og slett feil. Alle har og gjer sine feil, noko ein må oversjå og sjølvsagt tilgi.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!