Vi ville saman med Ap ha ein snuoperasjon for å sikre norsk sjølvforsyning av mat og bidra til eit levedyktig landbruk i heile landet.

No er endeleg den første jordbruksavtalen under vår regjering vedteken i Stortinget. Faglaga og staten hadde på førehand vorte einige om eit rekordoppgjer på 10,9 milliardar kroner til landbruket for resten av 2022 og 2023.

Bakteppet var ein kombinasjon av eit stort inntektsgap mellom bøndene og andre grupper og ein heilt ekstraordinær kostnadsvekst. Denne siste har vi levert på overfor landbruksnæringa, fordi stadig aukande fôrkorn- og gjødselprisar og høge prisar på straum, drivstoff og byggemateriale var i ferd med å få mange til å gi opp drifta av garden.

Eg skal innrømme at eg var glad og letta då avtalen vart inngått, fordi eg veit kor viktig årets oppgjer var ikkje berre for næringa sjølv, men for oss alle som folk. Eit anstendig og godt oppgjer var nødvendig i år. Vi i Senterpartiet veit likevel at jobben ikkje gjort med dette eine året. Vi tek ikkje lett på dette, og når vi først har bretta opp erma for å gjera skikkeleg ein innsats, brettar vi dei ikkje ned igjen.

Årsaka til at jordbruksoppgjeret er så enormt viktig, er at denne næringa har heilt spesielle vilkår og at vi er spesielt avhengige av den. Vi lever i eit land der vi kan produsere mat på ein svært liten andel av arealet. Dyrkbar mark utgjer berre 3 prosent, og då må vi utnytte denne godt og også stimulere til beiting i utmark.

Det fine med årets avtale er at den legg til rette for inntektsvekst i alle produksjonar, altså uavhengig av kva matproduksjon du driv med. Spesielt løftar avtalen dei som ligg lågast i inntekt, noko som gjeld korn, sau og ammeku. I tillegg har det vorte prioritert å gjera noko med velferdsordningane.

Vi kan ikkje tillate at innsatsen til bøndene held fram med å bli underbetalt i forhold til andre grupper i samfunnet. Derfor er det gledeleg at vi no har tatt det første steget for å tette inntektsgapet. Eit offentleg utval skal seinare i år koma med eit tal- og kunnskapsgrunnlag som gjer det mogleg å fortsette denne jobben på ein god måte dei neste åra.

Dette handlar om å gi bonden framtidstru. Berre med ei inntekt som står betre til innsatsen er det mogleg å ta nødvendige investeringsløft og betre dyrevelferden. Og berre ved å motivere bonden til å halde fram i næringa klarer vi å halde kulturlandskapet ope for framtidig matproduksjon. Slik sikrar vi norsk sjølvberging, som vil vera avgjerande når kriser og krigar gjer import av mat vanskeleg eller umogleg.

På same måte som det alltid er bruk for fisken og fiskeria, vil det alltid vera bruk for husdyra og landbruket. Eg er glad for at vi no har fått jordbruksoppgjeret i hamn og at vi seinare i år skal legge fram ei kvotemelding for fiskeria. Ei regjering som tek matproduksjon på alvor har forstått det viktigaste.