I ein kommentar laurdag 25.06.2022 argumenterer ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten godt for verdien av grundig journalistisk arbeid. Demokratiet er avhengig av at grupper og enkeltmenneske held seg orienterte og forstår omverda si.

Vi betaler for at journalistikken skal stille kritiske spørsmål om vesentlege saker som gjeld lokalsamfunnet og framtida – også for etterkomarane våre. I staden for vekebladliknande reportasjar veke etter veke, dag etter dag om interiør og oppussing, reisemål og turisme, trening og bil/motorstoff, kunne regionavisa heller ha tatt mål av seg til å stille kritiske spørsmål ved klimaeffektar av til dømes auka reiseverksemd og stadige flyreiser til eksotiske mål?

FNs generalsekretær erklærte nyleg ‘kode RAUD’ for menneskeslekta. Klimakrisa er akutt, livsvilkåra på kloden kjem til å bli radikalt endra viss vi held fram med same livsstil og forbruk som i dag.

Som Smp-abonnent ønsker eg meg langt fleire kritiske spørsmål til politikarar og næringsliv der journalisten set fokus på klima-, miljø- og naturmangfaldskrisa. Korleis tar dynamisk sunnmørsindustri og tiltakslyst omsyn til berekraftsmål i planane sine? Er det ikkje avisa sitt ansvar å vise at vi ikkje lenger ukritisk kan hylle alt som gir økonomisk vekst? Er det regionavisa si oppgåve å heie flyaktiviteten tilbake til før-pandemi-nivå? Å oppmuntre privatpersonar til å pusse opp meir, bygge meir, forbruke meir? Kva med reportasjar om korleis ein kan redusere forbruket, leve klimavennleg og minske det absurde klimaavtrykket vi i vår del av verda etterlet oss?

I fleire tiår har vi tenkt på økonomisk vekst som viktig for velferd og trygge liv. Det dramatiske i dag er at veksttankegangen viser seg å vere både kortsiktig og livsfarleg. Langsiktig tenking er ei krevjande øving. Aktørar med makt er blitt flinke til å finne grunnar til å utsetje å ta nødvendige grep. Kritisk journalistikk kan stille spørsmål, utfordre og legge press på dei det gjeld i vår region på vegner av oss og komande generasjonar. Kunne Sunnmørsposten gi oss meir av det?