I samband med dette vil eg gjere merksam på at det på alle nordøyane i Haram finns fleire, faste hekkande populasjonar av arten homo sapiens! I tillegg vil eg peike på at det og på øyane i Sandøy kommune, finst fleire hekkande populasjonar av same arten.

Eg har vidare oppfatta at alle desse gjennom lange tider, har opparbeidd seg faste hekkeplassar der ute.

Når så Møre og Romsdal fylkeskommune ser det så viktig å ta vare på eit einskilt hubropar på den eine av desse øyane, synest det meg ikkje unaturleg, at den same fylkeskommunen òg finn det naturleg å spandere eit tilsvarande tal millionar kroner på alle desse faste hekkande populasjonane av homo sapiens på alle desse nemnde øyane.

Dersom dette ikkje vert gjort, er eg svært redd for at nemnde populasjonar flyttar ut – eller i verste fall døyr ut!

Ei slik stode, kan gå ut over skatteinngangen til Møre og Romsdal fylkeskommune – noko som i verste fall, kan føre til at talet på byråkratar i Møre og Romsdal fylkeskommune vil måtte reduserast!

foto
Hubro er ein svært truga fugleart i Norge. Foto: Roger Engvik