Situasjonen i dag er at nynorsk er under ulike typar press – frå bokmålet, engelsk og ulike dataspråk. Eg er medlem av Noregs Mållag og støttar fullt ut den kampen denne organisasjonen står i.

Mållaget har ei rekkje lokallag rundt i landet, også i vår region. Eg står som medlem i Skodje og Ørskog Mållag.

Etter mitt syn har dette laget vore eit sovande mållag med liten eller ingen aktivitet siste åra.

Skodje og Ørskog var nynorskkommunar, Ålesund er det i dag – men kor lenge vil det vare? Bygdene våre er under press frå bokmålet lenger vest.

Barnehagar og skular er viktige arenaer der presset mot nynorsken kan auke. Her har mållag og einskildpersonar ei viktig rolle å spele i det å halde på nynorsk og dialekt i bygdelaga våre. Overgangen frå grunnskule med nynorsk til vidaregåande skule gjerne i bystrok kan vere vanskeleg for mange nynorskelevar – overgangen til bokmål er snublande nær!

Lokalavisene våre er viktige også i spørsmåla rundt språk. Heldigvis er dei to sentrale avisene i vårt distrikt – Nordre og Bygdebladet – gode nynorskbrukarar.

Verksemder som annonserer i desse avisene, kunne har vore langt flinkare med å nytte nynorsk. For ein del år attende delte Skodje og Ørskog mållag ut ein målpris til ei flink verksemd for bruk av nynorsk. Kanskje dette tiltaket kunne takast opp att?

Elles er sjølvsagt alle typar massemedia med å styre språkutviklinga rundt oss. Bølgene slår inn over nynorskland. Vi må aktivt skape motbølgjer.

Prosa og poesi er best på nynorsk. Dette kan verke som ein påstand frå mi side. Greitt det, men slik vurderer eg dette. Alle forfattarar med nynorskbakgrunn og fleire til bør halde seg til nynorsken, sjølv om opplagstalet kan verte noko lågare.

Nynorsk kan nyttast i alle samanhengar i samfunnet vårt. Arbeidslivet, verksemder, undervisning, media, prosa og poesi etc. har bruk for nynorsken og vise versa!

Til slutt ei sterk oppmoding og utfordring til oss alle: Skjemmast ikkje over nynorsken – i skrift, tale og samtalar. Bruk ditt eige – heime og ute – ver deg sjølv også når det gjeld språk.

Vi treng ikkje å snakke om å verne om nynorsken. Mottoet må vere: La nynorsken blomstre i samfunnet rundt oss. Vi bør stå stolte fram og fortelje alle og einkvar – eg er sunnmøring og nyttar nynorsk i skrift og tale!

Start gjerne med eit medlemskap i Noregs Mållag, der vil du få påfyll av godt nynorskstoff.