Eg har med brev og avisinnlegg teke opp den urettferdige prisskilnaden på daglegvarer i Coop sine butikkar, utan resultat. Lokalt er dei maktlause, regionalt peikar oppover, og sentralt får ein ikkje kontakt. Eg bad om e-postadressa til ein på toppen. «Det kan jeg dessverre ikke gi deg.»

Svara eg får er, etter mi meining, svevande – ofte ordrike forklaringar – men løysing finst ikkje.

Dei kan ingenting gjere med denne pris-uretten. Ja, det er svaret. For meg høyrest det ut som ei overjordisk makt har avgjort at Coop-marknad skal ha dyrare daglegvarer enn både Mega og Extra. Men, hald deg fast: Når det gjeld eiga løn og bonusar og slik snadder, DÅ greier dei å overstyre desse usynlege kreftene. Hurra!

Eg har spurt dei om matvarene som vert selde i desse tre Coop-butikkane kjem frå same kjelde, og det har dei stadfesta, men hald deg fast: Det er uråd å halde same prisane på Coop-marknad som på Coop-Extra.

Det mektige «altstyrande» har avgjort at slik er det, og slik skal det vere.

Ein tilfeldig handledag, 30.august 2021, tykte eg at eg betalte mykje for daglegvarene eg heldt i handa, og eg tenkte: Skal tru kva eg hadde betalt for dei same varene hos andre matbutikkar?

Eg tok med kassalappen, same dagen, til KIWI i Myrvåg, spurde om dei ville rekne ut kva tilsvarande handel hadde kosta der. Ringde så Extra på Hareid og Mega i Ulsteinvik, med same spørsmålet og opplysningane, og eg fekk svaret kvikt frå dei.

Foto: Skjermdump av Arnljot Grimstad

Ei stor sak? Tja. For ein stad som ikkje har anna alternativ enn COOP-marknad, er dette ei viktig sak, og eg finn det særs urettvist. Men for utanomjordiske, overnaturlege krefter som overstyrer COOP-leiinga i alle vedtak, kan ingenting endrast. Nei, og nei, kva sa eg? Ingenting? Leiarlønningane då? Noko for «Åndenes hus»?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!