Vigra Kringkastar kan verte «eit senter for ytringsfridom og demokrati». Giske og Ålesund kommune og Møre og Romsdal fylke kan få dette til i eit samarbeid med rikspolitikarane og Telenor.

Fylkeskonservatoren arbeider no med varig freding av Vigra Kringkastar. Telemuseet og grunneigaren skreiv under på ein intensjonsavtale om «eit senter for ytringsfridom og demokrati» i 2012. Eldsjeler og venneforeininga har kjempa sidan 1995 for å ta vare på den viktige tele-, kringkasting- og krigshistoria som er knytt til Vigra Kringkastar.

9. april 1940 var Vigra Kringkastar Norge sin største kringkastar med størst dekningsområde: havområdet mellom Skotland, Island og Svalbard og mesteparten av fastlandet i Norge. Dei to andre nasjonale stor-sendarane i Oslo og Stavanger vart tatt av tyskarane 9. april. Derfor vart Vigra Kringkastar det frie Norge sitt viktigaste talerøyr. 11. april 1940 var det Vigra Kringkastar som formidla regjeringserklæringa med «kongens nei» og oppmoding til norske skip om å gå til engelske eller franske hamner. Dette betydde svært mykje for kampviljen i det norske folket og for handelsflåten vår som spela ei viktig rolle i krigen mot Hitler.

Norkring og Telemuseet har støtta oss med ca. 500 000 kroner. Pengane har vi brukt til å ta vare på dei eldste verneobjekta frå 1935, -38, -40, og -48 på eit museumsområde ved sendar-bygget. I 2005 opna leiaren for Telemuseet dette «museumsområdet». Då fekk vi ein skriftleg avtale med Norkring om å kunne drive museumsarbeid i sendar-bygget.

Sendar-bygget har ei grunnflate på ca. 750 m² i to etasjar. I sendar-bygget har vi samla verneobjekt og dokumentasjon for den analoge kringkasting-historia frå 1924 til 2017.

I 2018 planla Telenor å starte riving av sendar-bygga. Takk og lov stoppa fylkeskonservatoren desse planane. Telenor klaga på riving-stoppen, men klaga vart avvist av miljøverndepartementet i januar 1920. No arbeider fylkeskonservatoren for varig freding av Vigra Kringkastar, men Telenor har dessverre motarbeidd prosessen. Krafta og vatnet er stengt av og venneforeininga er stengt ute.

Vi har gjort vårt. No må det sterkare krefter til i forhold til rikspolitikarane og Telenor. I dag ser vi kor viktig kampen for «ytringsfridom og demokrati» er, og kor viktig telekommunikasjon er i denne kampen for fridom.

Ver så snill å hjelp oss å ta vare på denne viktige historia! Kvifor Telenor vil bruke fleire millionar kroner til å rive og rydde framfor å bruke desse pengane til å ta vare på si eiga og Norge si historie, er meiningslaust og eit omdømme-tap for Telenor.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!