Prisar som trugar vanlege folk si velferd, og som i tillegg fjernar konkurransefortrinn for norsk industri. Dette er alvorleg, og slikt blir det opprør av!

Eit viktig bakteppe for straumkrisa, er stortingsvedtak om innføringa av Acer og EU sin tredje energimarknadspakke i 2018. I kjølvatnet av dette vart det og opna to nye straumkablar – til England og til Tyskland. I sum representerer desse koplingane mot kontinentet eit nytt system, som grovt sagt betyr at høgaste gasspris i Europa bestemmer straumprisane i Noreg!

Det hittil mest ekstreme utslaget av dette frisleppet, er at norsk elkraft (som vert produsert for ca. 11 øre pr. kwh), har blitt omsett på den internasjonale børsen for nesten 10 kroner pr. kwh.

Dei høge- og sterkt varierande straumprisane, står i grell kontrast til det regjeringa har lova det norske folk i Hurdalsplattforma. Der heiter det ma. at «ein vil føre en politikk som sikrer oss, at vi beholder suveren norsk kontroll over alle avgjørelser med betydning for energisikkerheten i Norge! Dette må kunne tolkast slik, at det som no skjer, ikkje har vore tilsikta av regjeringa! Og så vidt eg veit, har heller ingen av partia på Stortinget sagt, at dette er greitt. Likevel skjer det, og regjeringa verkar handlingslamma. Kva er det som skjer?

Eg skal akte meg vel for å meine noko om den innfløkte jussen i dette sakskomplekset. Men det som alle må sjå er, at norske styresmakter har mista kontrollen over energipolitikken og gjort knefall for marknadskreftene i EU. Det skjer mot det norske folk sin vilje. Mot grunnlova sin § 115 om suverenitetsavståing og mot folk si rettsoppfatning.

At norske styresmakter kan bli vengeklipt på eit så viktig saksområde som energiforsyning, bør vere eit skikkeleg varsku om kva som ventar om Noreg skulle bli ein fullverdig medlem av EU. Straumkrisa er ein god illustrasjon på EU- tilpassing, men berre ein bleik forsmak på kva vi har i vente om Noreg skulle bli ein fullverdig medlem av EU! Då vil det vere andre som svingar taktstokken – på alle politikkområde i Noreg!