Dei vil helst ikkje at du tek kontakt, dessutan må eg helst engasjere Tore på Sporet dersom eg skal finne ut kven som er ansvarleg for det eg spør om. Eg stundast over om Trøndelag er i tankane no når sommaren er her? Eg er langt frå sikker på om de har lagt merke til det, men eg irriterer meg over at direkteruta mellom Vigra og Værnes ikkje er mogeleg å nytte seg av på sommaren. Som utflytta møring og til tider sterkt behov for nordavind, 11 grader og friske badetemperaturar, ønskjer eg framleis å reise mellom Vigra og Værnes sjølv om det står juni, juli og august i kalenderen. Det er i år ikkje lenger mogeleg. SAS har lagt ned ruta. Widerøe seier dei har sommarstengt.

Kva gjer de i Avinor og de i næringsforeiningane på Sunnmøre for å knytte band med vi som bur litt lenger nord i landet? Ein ting er at direkterutene har langt mindre frekvens enn kva som var, men at flyselskapa fjernar alt i to månader av året? Her har de ikkje gjort jobben dykkar.

Det tek meg 6 timar å bruke landevegen. Det kostar meg nærmare 10.000 å bruke Hurtigruta. Eg sit her oppe i barteland og lengtar til tider heim. Vi er ein del, som framleis kler oss i oransje og blå, prøver å gjere forretningar med gamle kjende, men det er utfordrande når ein må bruke ei halv veke på kome seg att og fram. De vil kanskje svare at eg berre må halde meg her oppe. Då seier eg pass dykk, så ikkje trønderane jafsar i seg nok ei kommune inn i sitt storfylke.

Tips: sett dykk saman. Tenk at det og bur folk nordover i landet. Gjer rutetilbodet litt betre. God sommar.