No skal leiarane i kommunen som held budsjettet få høgre lønn. Dersom dei ikkje klarer å halde budsjettet, må det få økonomiske konsekvensar.

«...det er noen som ikke greier det innenfor sine budsjettrammer og bruker mer penger enn de har. Sånn kan vi rett og slett ikke ha det». Seier direktøren til Sunnmørsposten som lover bonus til dei leiarane som held budsjettet.

Vi som får tenester frå kommunen må ha tillit til at det er kvaliteten på tenestene som står i sentrum. Vi kan ikkje leve med ein mistanke om at ein leiar av ei kommunal teneste tilset ukvalifiserte eller færre folk for å halde budsjettet og betre sin personlege økonomi. Om ikkje direktøren forstår det, så må ordføraren kalle han inn på kontoret og fortelje han at slik kan vi ikkje ha det. Sjølv i ei kommune som har klart å administrere seg til fant.