Mange i Noreg slit no med økonomien og det er feil å sette opp matvareprisane no i februar.

I 2022 auka matvareprisane med 11,5 % og no er ser det ut for at kjedene set prisane 10 % opp i februar.

På ca. 1 år vil då prisane vere auka med 22,5 %.

Det er utan meining, i eit land som Noreg, at matvareprisane skal vere så høge. Etter eit halvt år vil vi vel få oppleve at kjedene på nytt set opp prisane?

Politikken må endrast i forhold til dei store matvarekjedene.

Vi høyrer at kjedene pressar leverandørane/produsentane på pris, med det er ikkje leverandørane/produsentane som tener mest pengar i dette systemet.

Det er eigarane av butikkjedene som set att med dei store pengane. Eigarane, med sine barn, troner på toppen som dei rikaste i Noreg.

For folk flest skurrar det difor sterkt når for eksempel ei av kjedene kan gje ein av sine sjefar ein såkalla «ekstraordinær kompensasjon» på ca. 75 millionar kroner!

Det vert også opplyst at eigarane av kjedene tek ut store utbytter. Kvar kjem dei pengane frå?

Er fortenesta til kjedene for stor?

Er det vi vanlege matkundar som betaler for dette?

Slik situasjonen er no og sett i lys av for eksempel slike utbetalingar, vert det heilt feil at kjedene set opp matvareprisane no i februar.

Det irriterer folk flest.

Tre til fire familiar i Noreg styrer, gjennom butikkjedene sine, det meste av matvarehandelen i landet. Desse familiane har tent seg styrtrike på å selje for dyre matvarer til det norske folk.

Det er ikkje bra og kan som verste konsekvens føre til uro i landet vårt, om folk ikkje maktar å skaffe seg nok mat på bordet.

For konkurransen i denne bransjen er det øydeleggande at kjedene dominerer marknaden slik dei gjer, så her er det ein jobb å gjera for storting og regjering.

Det er marknadskreftene i fritt spel vi er vitne til.

Dei fleste meiner vel at her må det inn ein styringsmodell som skaffar folk matvarer til ein akseptabel pris.

Har ingen ting imot at folk tener pengar, men matvarer er for viktig til at folk skal slite livet av seg for å få råd til å kjøpe brukbar mat til seg og sine.

Vi kan ikkje tillate at det skjer.