Stine Børø Szell og Malena Strømmen Malakzadeh, begge er folkevalde, den eine lærar og den andre historikar (Smp på nett 24.8) skriv om kjønnsdebatten og om mine ytringar spesielt. Eg er samd med dei i at når ein ytrar seg har ein eit ansvar. Det eg er endå meir oppteken av er at ein òg har ansvar for å ytre seg om ein meiner noko er gale.

Eg har vore kvinnesakskvinne heile livet og har ikkje tenkt å gje meg over no, då kvinners hardt tilkjempa rettar er truga over heile verda av ein ny teori om kjønn. Kvinner kjemper mot at menn no definerer seg inn i kvinnefengsel, i krisesenter, i sport, i garderobar, i politikken (på kvinnekvotar) og elles på område reservert for kvinner. Dette er eit faktum som det er så overveldande prov på, at det ikkje bør vere gjenstand for debatt.

Transideologien er ei manneretts-rørsle som trakasserer kvinner, trugar oss med valdtekt og drap og får oss oppsagde frå arbeidsplassane våre. Heile teorien om flytande kjønn er så reaksjonær at eg er forundra over at sosialistar kan ta dette alvorleg.

Vi kvinner er sosialiserte til å vere snille og empatiske og la andre sine interesser – særleg menns – gå før våre eigne. Dette speglar seg òg av i kjønnsdebatten der menn som definerer seg som kvinner får kvinners sympati og støtte trass i at heile denne rørsla er eit angrep på jenter og kvinner og ei utvisking av våre grenser og vårt kjønn. Eg meiner at kvinner som forsvarer den nye kjønnsideologien lir av stockholmssyndrom og dei bør snarast vakne opp.