Den 17. mars avgjorde kommunestyret i Ålesund at det skulle sendast inn søknad om utskiljing av Haram kommune i samsvar med resultatet av den føregåande folkerøystinga, med eit resultat på 72 prosent for oppdeling. Det eg og eg vil tru mange med meg, ikkje var klar var den dulgde politiske krokfoten med målsetjing om å stoppe heile prosessen. Delingsframlegget med utspring i ei utgreiing frå kommunedirektør Hasseldal får meg til å tenkje på fotball, krokfot er såleis ikkje eit tilfeldig valt ord ovanfor, folkerøystinga om frådeling hadde vunne ein klar siger og var på full fart mot scoring på nesten ope mål, så kom nedsparkinga, slikt gir direkte raudt kort.

No handlar denne prosessen naturlegvis om mykje anna enn god sportsånd og sidan framlegget har utspring frå kommunaldirektøren vil eg tru at pengar har ei nøkkelrolle i strategien om å stoppe Haram i forsøket på oppretting av nytt sjølvstende. I ein kommuneøkonomi spelar talet på skattytarar ei vesentleg rolle for sørvisnivået ei kommune kan tilby. Dersom ein reduserer dette i tilstrekkeleg grad vil den utskilde kommunen i realiteten verte fødd inn i fattigdom, eller at det også her, som i storkommunen må tyast til høge kommunale avgifter og eigedomsskatt og ein står attende med ein tilsynelatande lite attraktiv skilsmålskontrakt.

Kommunaldirektøren legg til grunn at det er fleirtal for å bli verande i Ålesund kommune i tre av valkrinsane basert på tolking valresultatet på valdagen. Bevist feilrekning og kreativ bruk av statistikk som ein i hans stilling skulle halde seg for god til. Dette er slett handverk frå ein frå ein som er løna som spesialist.

Heile kommunesamanslåings-reforma er, sett frå min ståstad, eit politisk makkverk, basert på ein ny finansieringsmodell for statlege tilskotsordningar til kommunane som favoriserer store einingar – utan at det er teke omsyn til intensjonen om lokalt folkestyre i formannskapslovene frå 1837. Slik sett kunne etter mi ringe forstand heile kommunereforma vore stoppa gjennom ein open debatt om denne modellen, men reforma kom under den sosiale radaren og la dermed vegen open for samanslåingsprosessane (der det vart hevda frå sentralt hald at dette skulle frivillig).

Når folket i Haram gjennom folkerøystinga har sagt klart ifrå at dei vil ta attende lokal råderett over eigne bygder handlar det nettopp om denne intensjonen som framsynte kloke politikarar fekk til i 1837 og som har fungert utmerka i alle desse åra.

Avslutningsvis vil eg ta med historia om fjellet Háldi, det er det høgste punktet i Finland. Toppen på fjellet ligg på norsk side, 7 meter over punktet der grensa går. I 2017 fylte Finland 100 år og i Nord-Troms var det nokre politikarar som fekk ideen om å gi toppen til Finland som 100-årsgåve, arealet var som ei halv fotballbane hevdar Stensvåg. Forslaget vart avvist av solbergregjeringa med desse orda frå Erna Solberg sjølv: «Man tukler ikke med grensene».

Det same vil eg seia om frådelingsframlegget som Ålesund kommunestyre stemte for: Tukl ikkje med grensene i Haram.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!