Nordøyvegen vart møtt med stor motstand, særleg frå administrasjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune. Det var ein kamp over fleire tiår. I tillegg kom det ein sterk anbudsprekk.

Lokalmiljøet kjende seg pressa for å stille opp med midlar for å få realisert prosjektet. I ettertid ser vi at dei lokale midlane har blitt for omfattande.

  • RDA-midlar frå næringslivet: 312 mill

  • Kommunale tilskot: 360 mill

  • Tilskot IPHuse: 15 mill

  • Førehandsbompengar: 7 mill

  • Bompengar: 676 mill

  • Totalt lokal finansiering: 1,37 mrd.

  • + lån frå familienHuse/familien Sandøy 60 mill over 10 år 1% rente

Vår påstand er at det aldri i dette land har vore lagt inn så mykje lokal kapital i liknande prosjekt.

Staten sitt bidrag har blitt mykje større enn det som var kalkulert inn. Ferjeavløysingsmidlane er på om lag 65 mill pr.år. Dette er midlar som kjem til fylket kvart år i 40 år. Midlane er indeksregulerte med 2,5%.

I tillegg kjem midlar til vedlikehald med 60 mill pr år. Desse midlane er ikkje tidsbegrensa og er indeksregulerte i takt med kostnadsutviklinga. Fylkeskommunen slepp kostnaden med 3 ferjer, hurtigbåt og 5 ferjekaier.

På tross av alle åtvaringar, så kjem Møre og Romsdal fylkeskommune svært godt ut. Fylkestinget må no gjere vedtak om å overta nedbetalinga av halve bompengelånet. Dette gjer at satsane kan bli halverte  eller nedbetalingstida blir halvert. Dette vil sette fart i verdiskapinga på Nordøyane.