Det er no snart fem år sidan Stortinget gjorde det «fatale» vedtaket om nullutslepp frå cruiseskip og andre båtar i dei to verdsarvfjordane på Vestlandet.

Eit vedtak som ikkje hjelper på Norge sine klimamål, men vil einsidig gå utover dei 2 viktigaste cruisehamnene i Norge.

Det vert slutt på 150 års cruisetrafikk! Dette var vel ikkje meininga frå Stortinget? Direkte og indirekte vil dette sterkt råke dei to små lokalsamfunna Flåm og Geiranger, økonomien i to hamnevesen og dei to vertskommunane Aurland og Stranda.

Vidare vil det gi store negative ringverknader for bedrifter i omkringliggande område. Hittil er det vel ingen som kan nøyaktig talfeste alt dette, men truleg vert det mykje meir alvorleg enn nokon ansvarlege vil innrømme.

Sidan vedtaket i 2018 har det både på sentralt og lokalt hald vore synsa, spådd, fomla, greia ut, og diskutert veldig mykje omkring diverse sider og konsekvensar av vedtaket, men lite eller ingen ting har skjedd eller vorte gjort verken på sjø eller land.

Parallelt har vi vore igjennom ein pandemi som har sett turismen sterkt tilbake over heile verda. Og igjen vart dei to turistmagnetane Flåm og Geiranger hardt ramma.

Våre kundar, reiarlaga og turoperatørane, låg nede og er framleis i omstruktureringsfasar.

Dette har mellom anna ført til forseinkingar av nybyggingsprogram og utvikling av ny teknologi for ei reinare cruisenæring i framtida.

Lokalt ser vi at i Flåm/Aurland har lokale politikarar, hamnevesen og næringsliv kontinuerleg over lang tid vore svært aktive på saka, samstemt og samkøyrde. Dei har arrangert møter, uttalar seg til pressa, hatt delegasjonar frå Storting og regjering på besøk.

I tillegg har dei hatt god draghjelp frå Vestland fylkeskommune der deira sak er løfta inn på høgt nivå. Som et eksempel viser eg til at Flåm faktisk er nemnt i Stortingsvedtaket! Og Aurland hamnevesen har allereie fått tilsegn på midlar frå Enova til landstrømanlegg på cruisekaia.

Kva med Geiranger? Merkeleg stille i ei så stor og viktig sak! Resignasjon?

Ingen lokalpolitikarar er frampå. Ei kommuneleiing som manglar handlekraft og eit hamnevesen som køyrer sin heilt eigen strategi gir ikkje mykje støtte eller tillit for eit sterkt prega lokalsamfunn. Næringslivet i Geiranger manglar eit talerøyr, og dei store bedriftene held seg i ro. Og kvifor er ikkje lokalpressa meir på saka?

Vi veit også at Stortinget i 2018 gjorde vedtaket sitt om nullutslepp i verdsarvfjordane på svært tynt grunnlag. Det vart også blant fleire grupperingar framstilt som dette var eit lokalt initiativ.

Når vi no ser konturane av konsekvensane dette vil medføre, spør eg: Kvar er dei ansvarlege politikarane på lokalt og fylkeskommunalt hald? Det er på tide at prinsippryttarane m.fl. legg vekk symbolpolitikken sin og heller går inn for ein fornuftig utsetting av krava i tid, og følgjer med på utviklinga i teknologien i bransjen. Einaste moglegheit då er at vi står samla, verdsarvkommunane, dei to fylkeskommunane og lokalt næringsliv.