Kampen om fjordane og havet hardnar til. I Vevring vart folk fengsla for å kjempe for livet i fjorden. Andre stader kappast ein om å utnytte ressursane i havet, i namnet til det grøne skiftet. I SV er vi opptekne av å ha to tankar i hovudet. Vi treng meir fornybar energi for å redusere klimagassutslepp, men utbygging av havvind må skje på naturens premissar.

Livet på jorda er avhengig av havet. Det sikrar levebrød og mat til ei veksande befolkning. Eitt av FNs berekraftsmål handlar om å bruke havet på ein måte som fremjar berekraftig utvikling. Det avheng av evna vår til å forvalte det. Gjer vi ikkje noko for å verne om havmiljøet, vil ikkje komande generasjonar kunne hauste av den evigvarande ressursen.

Det vert krevjande å handtere summen av nye aktivitetar i norske kyst- og havområde. Kunnskapen om verknadane desse kan få for havmiljø, fugl, fisk og naturmangfald har store hol. Dersom ikkje nye marine satsingar bygger på kunnskap, kan utviklinga truge både havmiljø og matforsyning. Vi treng ei god, forskingsbasert forvaltning av havet og ressursane der. Vi må stanse overfiske, hindre forureining og verne sårbare artar og leveområde.

Klimaendringane har medført omfattande skader på økosystema. Auka CO₂-utslepp gjer havet varmare, surare og meir oksygenfattig. Det same gjer overfiske og forsøpling. 1/3 av fiskebestandane er overfiska, og sjøfuglbestanden er i sterk nedgang. Den biologisk verdfulle iskantsona er i ferd med å bli opna for olje- og gassverksemd. Sårbare område vert truga av utvinningsløyve, som tildelingar ved Mørebankane. Norske styresmakter tillèt dumping av gruveavfall i fjordane. Snart ventar mineralutvinning frå sjøbotnen og oppdrett til havs.

Dette er viktige saker for SV. Vi treng ei økosystembasert forvaltning av havet. Gytefelta på Mørebankane er avgjerande for fisken og dei rike fiskeressursane lenger nord. Landsstyret krev meir kunnskap om verknadene før ein startar nye næringar i fjordar og hav. Det må løyvast meir pengar til havforsking no, med Havforskingsinstituttet og Runde Miljøsenter som viktige aktørar. Regjeringa har hastverk når det gjeld utbygging av havvind. Offentleg styrt kartlegging og forundersøkingar må kome i gang raskt, og vere i forkant av avgjerder om lokalisering.

Vi vil forby dumping av gruveslam i fjordane, og stanse gruvedrift til havs. SV vil alltid setje naturmangfald og villfisk først. Vi vil ikkje ha ny aktivitet i verdfulle fiskefelt og særskilde sårbare og verdfulle område, og naturmangfaldlova må gjelde for heile havet. Forvaltningsplanane må oppdaterast og gjerast juridisk bindande. Vi vil stille strenge krav til miljø og berekraft både til havvind, havbruk, fiskeri og oljeindustri. Med Jonas Gahr Støre som leiar har Noreg ekstra stor plikt til å følgje opp hovudkonklusjonane til Havpanelet: å verne minst 30 prosent av havet og arbeide aktivt for ei global plastavtale og ei global havavtale. Det hastar!