Eg spurde eit barn i barnehagen sist veke; «Treng du eigentleg dei vaksne her i barnehagen?» Barnet såg rart på meg og lurte nok på om eg tøysa, før han svara ja, sjølvsagt.

Eg spurde vidare; kva er det barna treng dei vaksne til. Svaret til barnet var så enkelt som det kan seiast; vi trenge at dei vaksne er her.

Å vere her eller der? Ja, det er nettopp det arbeid i barnehage handlar om å vere her, vere herverande. Eit eksempel: Barnet kjem springande inn i barnehagen, stiller seg framfor den vaksne og seier med klar, glad og høg stemme: «Her er eg!» Den vaksne kan respondere barnet på to måtar: 1) «Ja, der er du» eller 2) «Ja, her er du!»

Vi vaksne, både personale og foreldre må tenkje over korleis vi responderer og involverer barn. Korleis kan vi med vår stemme, ord og kropp etablere gode relasjonar til born? Korleis kan vi klare å vere her og no, framfor der og då?

Akkurat dette, meiner eg vi må vere fokus på når vi snakkar om nok vaksne og personale i barnehagen. Dette må ein som foreldre også ha fokus på: Korleis kan vi klare å fokusere på den relasjonen og samværet vi har her og redusere tankane om alt vi skal gjere, kvar vi skal og korleis vi skal kome oss dit?

Eg vil i tida framover slå eit slag for herverande vaksne, noko som betyr:

  1. Fleire antal pedagogar og barne- og ungdomsarbeidarar i barnehagen.

  2. Mindre møter, utdanning, kurs som tek dei vaksne bort frå borna.

  3. Møter, kurs og planleggingstid må leggast til dagar og tider vi ikkje har ansvar for borna.

  4. Meir fokus på felles opplevingar og rammefaktorar som let barndomstida bli fylt av leik og glede saman med herverande vaksne.