I ein kronikk står NTNU og Høgskulen i Volda fram og vil foreina vitskap, religion og teknikk i kamp mot fattigdom og svolt. Men av relevante punkt nemner dei ikkje at det er ein forgjeves kamp, så lenge ein ikkje får redusert fødselstala på Jorda. Allereie no – med berre 20 prosent av verda som lever i velstand – overutnyttar vi nokre av resursane verda har. Og nokre andre, til dømes nokre av metalla som er viktige for avansert teknologi, olje og sjølv noko så prosaisk som støypesand, vil gå mot slutten om få generasjonar.

Utan å ta med reduksjon i fødselstala verda over, er «nok mat for alle» eller «slutt på fattigdom slik vi definerer det», ein forgjeves kamp.

Og i og med dei tek fram religion: I denne samanhengen bør eg vel ikkje nemna at ein av verdsreligionane har som uoffisielt kamprop at kvinnene deira skal føda mange born, for slik skal religionen deira erobra verda.

NTNU, Høgskulen i Volda og andre bør ta fødselsplanlegging i alle land med i programma.