Er dette god ruspolitikk, eller ei gåvepakke til hasjrøykande partyungdom?

Dei fleste er einige om at tunge rusmisbrukarar skal få hjelp. Med dette forslaget frå regjeringa fryktar eg at terskelen for kjøp og sal av narkotika blir mykje lågare, noko som fyrst og fremst går ut over usikre ungdomar og vaksne som tek feil val. Skal vi ha ein ruspolitikk som gjere det enklare for folk å byrje med narkotika?

Bruk av narkotika har store konsekvensar for enkeltindividet, for familie og venner, nærmiljø og for samfunnet som heilheit. Narkotika øydelegg heile liv og heile familiar. Tunge rusmisbrukarar må få hjelp, men straff kan vere eit viktig verkemiddel for å stoppe folk frå å byrje å utforske narkotika. Når ein no fjernar politiet sin moglegheit for å straffe dei som brukar narkotika, er eg redd for at det skapar større risiko for auka bruk av narkotika i befolkninga elles.

Eg er sjølv ungdom, og syns det er skremmande å tenkje på at eg i framtida skal reise på fest der narkotikaen flyt rundt, utan at det er straffbart. Politiet sjølv seier at dei ynskjer å stoppe denne reforma, fordi den tek frå dei mange av verkemidla deira, og ser at det går ut over unge.

For å setje ting i perspektiv: Det å drikke alkohol på offentleg plass er straffbart, men ikkje å bruke narkotika. Kvar er logikken i det?

Vi må kunne ha to tankar i hovudet på ein gong: Vi må hjelpe dei tunge rusmisbrukarane som er sjuke og som treng hjelp, samstundes som at vi må kunne stoppe dei som røykar hasj på fest fordi det er lættis. Hovudmålet med ruspolitikken bør vere at så få som mogleg skal bruke narkotika. Ikkje å gjere det enklare å få tak i.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!