Drivstoffprisane aukar til nye høgder og gløym ikkje at rundt 10 kr pr. liter er avgift til staten og inntektene til staten aukar meir dess høgare prisen blir via momsen. Dagleg får staten om lag 5 milliardar kr inn frå eksportinntekter frå olje og gass og auken i avgifter treff oss ganske hardt i etterkant av ein periode med redusert aktivitet grunna pandemi.

Det var no framover næringslivet skulle ta seg inn att og opplever det motsette av draghjelp frå staten. PDK stiller seg undrande til at fleire av våre konkurrentland gir draghjelp til næringslivet men ikkje den rike norske staten.

Kva med hjelp og støtte til små og mellomstore bedrifter, fiskeri, transportnæring og entreprenørar? Viktige vegprosjekt som vil bidra til auka konkurransekraft, tryggare transport og tiltrengte oppdrag?

Det er rimeleg openbert at mange bedrifter står no i fare for å gå tapt pga. den kostnadseksplosjonen vi opplever rundt oss og der statens avgifter kjem på toppen av det heile. Staten nyttar no store beløp på reversering av kommunereforma som Høgre og Ap kan dele ansvaret for.

Store beløp på symbolske klimatiltak som elektrifisering av sokkelen, bistand som vi no er kjent med ikkje kjem fram til dei som hadde trengt den, gratis studieplassar til utanlandske studentar og enorme summar til fleire ulike tiltak.

Dagens tilstand på straummarknaden må under kontroll. Viss det blir ein tørr sommar / haust og tidleg kald vinter, så er det store sjansar for rasjonering og ekstremprisar for deg og meg.

Straumprisen kan reduserast gjennom å fjerne avgifter og moms. Det løyser ikkje det underliggande problemet som er tilknytinga til det europeiske kraftmarknaden som er ute av kontroll.

Norske kraftprisar MÅ normaliserast for at vi skal kunne bu og ikkje minst kunne drive næring i dette landet. Regjeringa ser ikkje ut til å forstå at folk blir ruinert og hamnar i gjeldsklemma. Likeins har næringslivet store utfordringar som kan føre til at dei går over ende med tap av arbeidsplassar.

Revidert budsjett lar folk i stor grad greie seg sjølv samtidig som statens inntekter veks formidabelt og store deler av inntektene blir tatt frå vanlege folk sine lommer.