Det vil seie, verda slik han sjølv ser den, der NATO er verdas frelsar frå det vonde. Eg meiner det er dette som er å ha ein forvrengt syn på verda. Mykje er endra sidan NATO blei danna i 1949 som ein forsvarsorganisasjon. Den gong var det 12 land som underteikna NATO-pakta.

På toppmøtet i NATO i 1999, vedtok statsleiarane i medlemslanda eit nytt strategidokument. Dåverande statsminister, Kjell Magne Bondevik, og kollegaene frå dei andre medlemslanda, hadde då eit utvida og anna perspektiv enn dei som oppretta NATO: «Alliansens sikkerhet må imidlertid også ses i en global sammenheng. Alliansens sikkerhets-interesser kan bli berørt av andre risikoer av bredere art, blant annet terrorhandlinger, sabotasje og organisert kriminalitet og stans i tilførselen av livsviktige ressurser».

Det er her snakk om militært nærvær, og på godt norsk betyr dette at Noreg må kunne stille med store nok styrkar med tilstrekkeleg kamperfaring for å kunne ta militær kontroll der det er nødvendig.

Førebuingar til dette, har ført til nedbygging av det militære apparatet som vart bygt opp for å forsvare Noreg.

Norsk deltaking i krigen mot Libya og 19 år med øydeleggande krig i Afghanistan er døme på dette. Bombinga i Libya var avgjerande for at den libyske statsmakta braut saman.

Gunnar Garbo, tidlegare Venstremann, var blant dei som protesterte sterkast.

Jens Stoltenberg sa at dette ikkje var krig, men ein «militær operasjon» – same språk som Putin brukar i dag. Trine Skei Grande i Venstre var i det minste ærleg nok til å seie at Noreg var i krig.

Libya sitt samanbrot førte til oppbløming av terrorisme i det nordlege Afrika. Libya er blitt eit helvete. Afghanistan er blitt eit helvete. Brutale regimer er erstatta med noko enda verre. NATO sine «internasjonale operasjonar» har ført til enorme flyktningstraumar.

Bjørlo skriv at «Når Sverige og Finland går inn i NATO, vil heile Norden stå skulder ved skulder i same forsvarsallianse. Då ligg alt til rette for at vi framover kan bygge eit sterkare felles nordisk forsvar – innanfor ramma av NATO. Venstre helsar eit sterkare felles nordisk forsvar velkomen».

Raudt har heile tida jobba for eit felles nordisk forsvar, men kvifor skal dette må vere i regi av NATO? Det at vi må nytte store ressursar der gjer at det blir vanskelegare å bygge opp eit sterkt nordisk forsvar.

Raudt fordømmer Russlands invasjon av Ukraina, men det er også viktig å ha kunnskap om kvifor dette skjedde, og då gir FN-sambandet sine nettsider ei grundig utgreiing om bakgrunnen for krigen. Der kjem det tydeleg fram at NATO sine planar om utviding austover, har spelt ei viktig rolle i opptrappinga av konflikten, og som har ført til invasjonen.

Og ingen vil vel kalle FN-sambandet for eit underbruk av Raudt?