For nokre år sidan var eg til stade på ein konferanse der beredskap og jordvern var tema, svært aktuelt, for det er lenge sidan norske politikarar var framsynte nok til å ta vare på matjorda. Sjølv om berre 3 prosent av landet er dyrka mark, har dei gladeleg gitt dispensasjonar til utbygging av vegar, hus og annan infrastruktur, statsforvaltaren (fylkesmannen) det same.

For utbyggarar er det billeg og gir større gevinst i å bruke dyrkamarka til bustadfelt, så sjølv om dei fleste politikarar snakkar varmt om jordvern, blir stadig meir jord ofra for det ein kallar «utvikling».

I vårt grannelag legg ein t.d. merke til nedbygginga av Åsegardane og Skodje, og brannstasjonane i Ørskog og no i Stordalen er også plasserte på dyrka mark.

På førnemnde konferanse sa tidlegare forsvarssjef H. Sunde at den viktigaste beredskapen i eit land, er matjord! Kven skulle tru det av ein militær? Det er ikkje bombefly og kanonar, men matjord!

Men det er også avgjerande å halde kunnskapen om å dyrke jorda i hevd og lære den vekk til komande generasjonar. Dette gjer bøndene, men kva med skulen?

Å satse på skulehagar må vel vere midt i blinken for Ålesund som likar å marknadsføre seg som ein berekraftkommune?

I Ørskog har skulen areal nord for friidrettsanlegget, og snart blir der endå meir plass når ridebana/longeringsbana på Prestemarka blir erstatta med eit flott anlegg for hest syd for Kråa. Truleg finst det område også dei andre skulane i kommunen kan nytte.

Å dyrke mat er viktig kunnskap, det gir meining og er i takt med berekraftsmåla. Det er forresten genialt på den måten at nesten alle fag kan integrerast i eit skulehageprosjekt.

Lat elevane få oppleve gleda av å sjå det spirer og gror og kor mykje arbeid det ligg i å produsere mat. Det burde nok både borna og vi vaksne erfare, truleg ville mindre mat bli kasta då.

Vi som er oppe i åra, kjenner historia om korleis ein hageflekk skaffa sårt tiltrengt mat under krigen. Eg vonar inderlegast våre etterkomarar ikkje vil oppleve matmangel, men kunnskap om å dyrke mat er li alle høve lett å bere. Under okkupasjonen hadde folk denne kunnskapen og kunne dyrke jorda til glede for svoltne magar.

I ei uroleg verd med konfliktar, krig, pandemiar og klimakrise bør skulen ta ansvar et for å lære elevane både å ta vare på og dyrke jorda. Sats på skulehagar, lukke til!