Eg saknar likevel at nokon tek opp dei materielle vilkåra kulturskulen har.

Skulen har hovudsete i Nørvasund. Her har eg ekstra bagasje til å uttale meg, for eg vaks nemleg opp der.

Den gongen heitte det Møre folkehøgskule. Folkehøgskulen flytta frå Nørvasundet i 1972 og kommunen overtok eigedomen.

Det huset eg vaks opp i er rive, men elles er ikkje mykje endra. Heile komplekset er i ei trist forfatning og lite innbydande med manglande vedlikehald og stell.

Korleis det ser ut inne veit eg mindre om, men eg har høyrt at skadedyrkontrollen med jamne mellomrom legg rottegift i veggane. Det skulle ikkje forundre meg om det er sant, slik husa ser ut.

Det er lærarane og miljøet som først og fremst er viktige for elevane, men fortener ikkje både elvar og lærarar betre tilhøve enn dette?

Elevar framfor skulen i 1947/48. Foto: Privat/Aud Farstad

Medan alle bydelar krev eige idrettsanlegg og idretten har kraftfulle forsvararar og tilsynelatande endelaust med pengar landet over, sit altså kulturskulen med dette. Nybygg er lagt på is og, med den økonomiske situasjonen Ålesund kommune er i, er det lite truleg at det vert nybygg på svært lenge. Men kva med vedlikehald og litt stell av utearealet?

Hovudbygget er elles frå tidleg 1900-tal og er eit såkalla Smith-hus som bør vere verneverdig.

Er det ikkje råd å skaffe pengar frå andre kjelder enn kommunen til å få restaurert bygget? Og er det ikkje mogeleg at parkvesenet steller bed og gras?

Far min hadde, ved sidan av lærargjerninga, til oppgåve å vere med og stelle utearealet om sommaren med fine blomebed, frukttre og bærbuskar. No er det meste borte, men kvar gong eg går forbi om sommaren helser eg på nokre attlevande rosebusker i ei krå.

Å sjå omgjevnadane slik er vemodig for meg, men for dei som arbeider der må det vere frustrerande og provoserande å bli sett så lite synleg pris på.