Men laurdag 29. oktober fekk sjåarane presentert ei sak med Senterparti-ordførarane i dei to kommunane, som begge har uttala stor skepsis til regjeringa sitt framlegg om grunnrenteskatt for oppdrettsnæringa.

Bakgrunnen for deira engasjement er konsekvensane kraftig skatteauke vil ha for investeringar og sysselsetting i havbruksnæringa – ikkje berre i dei to kommunane, mens langs heile kysten. Men det var ikkje spesielt interessant for TV2. Deira «greie» var at Jan Ove Tryggestad i Stranda og Peter-Arne Talseth i Alstahaug sjølve har eigarinteresser i selskap som driv oppdrett, og såleis kan ha personleg interesse av at grunnrente-framlegget vert endra. Ei kartlegging TV-kanalen har gjort syner at seks ordførarar i 97 kystkommunar har eigarinteresser i oppdrett.

Sjåarane fekk inntrykk av at det er to laksebaronar i Stranda og Alstahaug, som no – med ordførarkjeda på – kjempar for å berge eigen økonomi. Ein forskar ved Institutt for samfunnsforsking fekk rikeleg høve til å seie kor alvorleg det kan vere at ordførarar blandar roller på denne måten.

Ein kikk i Brønnøysundregistra fortel at Tryggestad i Stranda ved årsskiftet eigde 738 aksjar i Lerøy Seafood, 112 aksjar i Salmar og 446 aksjar i Mowi. Om han ikkje har selt seg ned eller kjøpt seg opp sidan, har desse børsnoterte aksjane no ein verdi på om lag 136.000 kroner. Om Talseth i Alstahaug går det fram at han eig 1,4 prosent i eit selskap som mellom anna investerer i oppdrettsverksemder lokalt. Denne og investeringar Talseth har i andre bransjar er det full openheit om i kommunen.

TV2 må sjølvsagt kunne gå ordførarar og andre med politisk makt nærare etter i saumane. Men når suppa vert so tynn som dette, kunne dei ha spart seg turane til Stranda og Alstahaug.