Vi trur nemleg ordninga med vallister frå ulike grupperingar forsterkar motsetningar og konfliktar.

Frimodig Kyrkje (FK) ber om og arbeider for fornya fellesskap og fleire frimodige disiplar som følgjer Jesus Kristus, held fast på Bibelen og på vår evangelisk-lutherske vedkjenning. -Ei tru, ein dåp, ein Gud og alles Far, som Paulus seier. Det er det aller viktigaste.

Med omsyn til valordninga, ønskjer FK å stoppe samankoplinga av val i Den norske kyrkja med offentlege politiske val, både i stad og tid, slik Stålsett-utvalet samrøystes foreslo.

Når vi likevel stiller liste i dette valet er det fordi vi vil vere med og forme framtidas kyrkje frå eit klassisk perspektiv. Kyrkja er lokal, den er Guds kyrkje og er kyrkje i samfunnet.

At Frimodig Kyrkje (FK) ønskjer ei sterk vektlegging av det lokale, har sine røter i at det er slik vår kyrkje si vedkjenning talar om kyrkja og kyrkja sitt vesen: «Kyrkja er forsamlinga av dei heilage, der evangeliet blir lært reint og sakramenta forvalta rett» (Confessio Augustana, Art. VII, Den augsburgske vedkjenning av 1530).

Då grunnlaget for skiljet mellom stat og kyrkje blei lagt, var det eit viktig omsyn for Staten å slå ring om soknet sitt rettslege sjølvstende og at balansen mellom det lokale og nasjonale kyrkjestyret blei ført vidare. Vi ønsker å halde på denne balansen mellom lokalt og sentralt nivå i organisasjonen Den norske kyrkja og vil gi lokale kyrkjelydar stort rom til å ha ulike profilar.

Frimodig Kyrkje meiner at kyrkja alltid må byggast nedanfrå. Kyrkjelydsråd må få auka sjølvstende, sentrale tilskott og handlingsrom. Administrasjon på sentralnivå og bispedømmenivå må haldast nede.

FK vil styrke sokneprestane sitt pastorale ansvar for sine kyrkjelydar, også i samband med kyrkjelege handlingar.

Frimodig Kyrkje vil styrke lokale kyrkjelydar sin medverknad ved tilsetting av prestar og legge stor vekt på eit lokalt votum ved bispeutnemningar. Den lokale kyrkjelyden må vere utgangspunkt for rådsstrukturen som dermed ikkje skal byggje på direkte val via kyrkjeparti. Frimodig Kyrkje ønskjer å ha indirekte kyrkjelege val til bispedømeråd og kyrkjemøte som hovudregel i naturlege lokale for kyrkjelyden, og i tilknyting til gudstenestefeiringa.

FK vil ta menneska sine erfaringar og livsspørsmål på alvor. Evangeliet er også i dag gode nyheiter for alle menneske.