Det er velkjent at Molvær mislikar nynorsk, særleg når språket blir brukt i Ålesund.

Ivar Aasen var 22 år gammal då han i 1836 lanserte programmet sitt for ei norsk målreising («Om vort Skriftsprog»). Den gongen var skriftspråket dansk. Aasen var politisk klok og ein god strateg. Han ville ikkje skremme folk vekk frå prosjektet sitt. Han hadde nok gledd seg over Ålesund som nynorskkommune. Å ta Aasen til inntekt for Molvær og Løvland sitt språksyn er ei kortslutning.

Molvær og Løvland undrar seg over visjonen til Ålesund kommune – Nasjonal slagkraft, regional styrke og lokal identitet. Vi undrar oss også. Er det verkeleg slik at nynorsken har ramma eller svekt denne visjonen? Molvær og Løvland prøver å late som om Ålesund er frikopla frå resten av Sunnmøre. Slik er det ikkje. Realiteten er at bygdene og byen er avhengige av kvarandre. Mange av verksemdene i Ålesund har nettopp sitt opphav i bygdene.

I Ålesund kommune er det dessutan fleire bygdelag der nynorsk er det sjølvsagde språket. Det lokale språket på Sunnmøre er i høg grad prega av nynorsken og dialektane. Å framstille dette som framandelement for Ålesund kommune er rett og slett arrogant.

Valfridom kan vere bra, men det er også eit tviegga sverd. Valfridom for somme er ofte det motsette for andre. Nynorskbrukarar veit godt at dei sjeldan kan velje seg vekk frå bokmålet.

Språkbruksplanen for Ålesund (frå hausten 2020) er raus og gir stort rom for bokmål i saksutgreiingar og fleire andre samanhengar. Slik sett er kommunen tospråkleg, sjølv om det akkurat på internett og intranett berre skal vere nynorsk. Ja, kanskje er det ein meir tospråkleg situasjon no enn det var det tida kommunen var såkalla «språknøytral». Det er godt dokumentert at mange, med god grunn, då trudde kommunen aktivt hadde valt bokmål.

Det grunn til å merke seg at ordførarkandidaten og høgreleiaren i Ålesund elegant hoppar over å nemne språklova. Etter denne har det offentlege «eit særleg» ansvar for å fremje nynorsk som det minst brukte av dei to norske skriftspråka". Det vil også gjelde for nye Ålesund kommune, same kven som blir ordførar.