Det er med stort sjokk og vantru eldrerådet i Møre og Romsdal fylkeskommune les om forslaget til nedlegging av Eldreombodet i Ålesund.

12.mai vart revidert statsbudsjett lagt fram. Eit av tiltaka ein foreslår er å legge ned det nystarta nasjonale Eldreombodet. Argumentasjonen er at ein skal spare pengar, og at funksjonane Eldreombodet har hatt skal takast i vare av andre funksjonar, som mellom anna pasient- og brukarombod.

Det er på sin plass å klargjere fakta: Det er ikkje alle eldre som er verken pasientar eller brukarar. Det betyr ikkje at ein ikkje har utfordringar i samband med alderdomen. Og denne kategorien av eldre vert det stadig fleire av. Nytten av eit slikt uavhengig ombod, som kjempar kampen for alle eldre, uansett funksjonsnivå, det treng vi!

Då eldrerådet i Møre og Romsdal fylkeskommune fekk saka om oppretting av Eldreombod på høyring i 2019 vart dette naturlegvis møtt med stor entusiasme. Ikkje berre skulle vi få eit ombod, som skulle ta i vare rettane til alle eldre i Norge, men vi skulle også sikre sårt trengte statlege kompetansearbeidsplassar i Møre og Romsdal.

Ombodet vart starta i 2020, og hadde sine første år i pandemi. Likevel tykkjer vi som eldreråd at ombodet i regi av Bente Lund Jacobsen allereie no har løfta mange viktige saker for dei eldre i befolkninga. Dette trur vi berre kan verte betre og betre, og mange av sakene vert berre meir og meir aktuelle.

Vi ber difor dei folkevalde tenke seg nøye om. Vi ser på det som eit stort tap om ein skal legge ned ein slik sårt trengt institusjon, på bakgrunn av det som vi meiner er småpengar i den store samanhengen.