Eg var ein av 7831 røysteføre i folkeavstemminga 3. mars. Som alle dei andre 7830 gir det meg 0,013 prosent påverknad. Min vesle bit av demokratiet …

Før folkeavstemminga var eg midt på treet engasjert. Eg gjorde meg opp mi meining, og tenkte at no får vi alle i Haram gjere det same, så stemmer vi, og så får fleirtalet bestemme. Det er jo det som er demokrati; ikkje at eg får viljen min, men at fleirtalet får viljen sin. Slik vart det ikkje.

Eg er lei leik med statistikk, og lei av at mange i den offentlege debatten snakkar på vegner av «dei fleste», «fleirtalet», «mange i området», «folk i kommunen» osv. Dersom vi alle snakkar berre på vegner av oss sjølve eller på vegner av (objektive) fakta, hadde vi unngått mykje diskusjon, krangling og munnhoggeri.

Eg snakkar berre for meg no: Eg kunne stått godt i at folkeavstemminga gjekk begge vegar, eg trur det blir tøffe tider framover uansett. Men det som vekka mitt engasjement etter valet er ikkje at HUAÅ har tapt, eller «Vi som vil bli i Ålesund», men at demokratiet har tapt. For det kommunestyret enda opp med å vedta, var det ingen av oss 7831 som vart spurt om.

Nokre av dei som ville vere i Ålesund, starta initiativet med grensejustering etter å ha tapt valget. Dei hadde nyleg eit leserinnlegg i Sunnmørsposten som vart avslutta med eit håp om at dei «såra kjenslene betrer seg», at «ingen har vel fått det heilt slik dei ville» og til slutt «alle mann alle».

Dette kjenner eg meg ikkje igjen i. Grunnen til mitt engasjement er at eg har oppdaga kor stor forskjell det er på 0,013 prosent og 0 prosent. Mi stemme hadde visst ingenting den skulle ha sagt.

  1. Eg er ikkje såra, eg vil at demokratiske prosessar skal bestå.

  2. Nokon fekk vel viljen sin meir enn andre.

  3. I eit demokrati er vi «alle mann alle». Men no er det dei 350 (la oss seie dei alle var frå Haram) med sine da 4,469 prosent av demokratiet som fekk viljen sin.

Eg håper at uansett kva utfallet av alt dette blir, så er det demokratiet som vinn

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!