UngData-undersøkinga 2022 stadfestar ein nedslåande trend: Stadig færre unge deltar i organisert fritidsaktivitetar. No deltar berre halvparten av ungdommane våre på organiserte fritidsaktivitetar – og det får meg til å grøssa!

Det er bekymringsfulle tal. Fordi det å delta i organiserte fritidsaktivitetar gir barna og ungdommane våre ein arena for å møta ven og vera sosiale saman, det bidrar til auka fysisk aktivitet, meistringsfølelse og gleda. Det bidrar òg til å lêra ungane om demokrati, organisering og dugnadsjobbing. Det er med andre ord direkte faretruande for folkehelsa og den psykiske helsa når vi no ser at stadig færre barn deltar i fritidsaktivitetar.

Og årsakene til at færre deltar er fleire. Pandemien har naturlegvis gjort utslag, men nedgangen starta før pandemien. Tala viser at det er store sosiale forskjellar i kven som deltar i organiserte fritidsaktivitetar: Det er dei barna som kjem frå ein høg sosioøkonomisk bakgrunn som i størst grad deltar. Dette understrekar kvifor det er så viktig å senka terskelen for deltaking og inkludering.

Fråfall handlar òg om måten dei organiserte fritidsaktivitetane inkluderer ungane på.

Nyleg kunne vi òg lesa historia på NRK Ytring om ein onkel som følgde nevøen sin til Norway Cup, der gutungen berre fekk nokre minutt speletid fordi han ikkje var god nok. At barn og unge får idrettsgleda øydelagt ved å ikkje vera inkludert og føla seg som ein del av laget er trist, og ikkje minst skadeleg, i eit folkehelseperspektiv. Slik skal det ikkje vera.

Ikkje alle ønsker å bli den neste Ødegaard eller Hegerberg. Nokon speler fotball berre fordi det er gøy, fordi dei vil treffa ven eller ønsker å tilhøyra eit fellesskap. Ein skal ikkje benkast av den grunnen. At ballevnene til nokon på laget ikkje er på topp, øydelegg heller ikkje for den neste Hegerberg eller Ødegaard.

Men heldigvis er ikkje alle sine erfaringar like. Eg deltok sjølv på Norway Cup der eg mellom anna følgde kampane til 8-år gamle jenter frå eit Oslo-lag. Mange lukka auga då ballen nærma seg, men jubla høg då eit spark trefte eit tilfeldig kne som senda ballen i mål. Alle var på banen, uansett om dei var mest opptatt av å spela ball eller å slå hjul. Tap og sigrar vart fort gløymt når laga til slutt stod med medaljar rundt halsen, armane rundt kvarandre og ropte heiaropet til laget. Det er dette fritidsaktivitetar skal handla om. Glede, fellesskap, det å kunna delta uavhengig av kven ein er.

La oss saman jobba for å gi alle ein sjanse og lyst til å delta i ein organisert fritidsaktivitet, få vera seg sjølv i lag med andre, oppleva meistring og få vera aktive. Slik bygger vi sjølvkjensla til alle barn og unge og slik fremma vi god folkehelse og god psykisk helse.