Dei folkevalde bestemte i kommunestyret med eit klart fleirtal (42 mot 35) at det vil bli søkt om eit nytt Haram og det vil sjå ut som før med unntak av kretsane Søvik/Grytastranda og Vatne/Tennfjord. Denne avgjerda var basert på det massive brølet frå HUAÅ-rørsla som kom frå nordre og ytre del, eit tydeleg krav trass den enorme risikoen og åtvaringa for at ei lausriving vil medføre enda dårlegare økonomi og derav fleire kutt i skular, eldreomsorg og pleie for dei trengande i den nyoppretta kommuna. Men trass i desse åtvaringane og med god hjelp frå HUAÅ, Ålesund SP og Haram AP som sådde tvil rundt denne risikoen, kom folkekravet for ei lausriving.

I nemnde Vatne/Tennfjord og Søvik/Grytastranda var det fleirtal på valdagen for å bli i Ålesund, og sjølv kor mykje HUAÅ-rørsla vrir og vrenger kalkulatorane sine når dei snakkar om førehandsrøystene som ein ikkje kan plassere på krins, var det ikkje eit folkekrav om lausriving. Vissheita om at økonomien blir endå dårlegare enn i dagens Ålesund og at tenestetilbodet fylj økonomien var nok medverkande til dette. Kommunestyret gjorde då det rette, dei sparte dei unge, dei hjelpetrengande og dei eldre i dei krinsane som ikkje kravde å lausrive seg for den enorme risikoen for nedsette tenestetilbod.

Aksjonsgruppa vi ser i dag krev som dei fleste aksjonsgrupper total gjennomslag for si sak utan eit einaste kompromiss. For det er det delinga av gamle Haram er – å møtast på halvvegen, og denne gongen i kartet. Dei same som har kravd å bli «sleppt fri» og har fått innvilga dette, kom køyrande i hundretal frå Brattvåg og ytre del for å ta del i demonstrasjonen som omfatta dei kretsane som skal bli igjen. At målet helliger middelet kjem tydeleg fram når barn blir brukt som aktive demonstrantar ved å ikle dei t-skjorter med «Slepp oss fri!».

SP som har vore tydeleg på at lokal styring er betre enn sentral styring frå Oslo og at bruken av tvang frå sentralt hold ikkje høyrer heime i vårt demokrati. No ønsker SP å køyre over vedtaket som er gjort av fleirtalet i kommunestyre. Får dei med seg eit fleirtal i Stortinget på ei slik overkøyring av det våre folkevalde har bestemt? Og med det lar aksjonsdemokratiet kombinert med sentral styring vinne over vårt representative demokrati. Eller går det mot avslag eller godkjenning av søknaden som er innsendt?

Eg håper fleirtalsvedtaket til kommunestyret får stå og at departementet handsamar saka som den føreligg og kjem med ei godkjenning eller eit avslag ut ifrå kva dei meiner veg tyngst når dei skal vege identitetskjensle opp mot økonomi og tenestetilbod.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!