Eit breitt fleirtal i kommunestyret tok innbyggarane på alvor og ville ha både ei faktabasert utgreiing om konsekvensar, eit folkemøte for å presentere dette, ei innbyggarundersøking for heile kommunen og ikkje minst ei folkerøysting for dei som tilhøyrer krinsane i gamle Haram. Og det er kommunestyret som må sjå heilskapen og alle elementa i denne saka, før dei fattar si endelege avgjerd om søknad om lausriving skal sendast eller ikkje.

Og det vi såg konturane av i valkampen i fjor har blitt det store temaet. Både korona og tronge budsjett hamnar i skuggen.

I skuggen av kva? Kampen for å gjere om att det udemokratiske vedtaket om at Haram skal vere ein del av Ålesund kommune. Definisjonen av demokrati, eller folkestyre, er vel noko selektiv når eit vedtak fatta av det øvste folkevalde organet i landet vert referert til som udemokratisk. Men eg forstår dei i Haram som ser på tvangssamanslåinga som å sette det lokale folkestyre til sides. At dei kjenner på eit tap. Spørsmålet er berre om det er mogleg og ønskeleg å gå tilbake til noko som ikkje lenger er.

Spørsmålet er berre om det er mogleg og ønskeleg å gå tilbake til noko som ikkje lenger er.

«Flaut», «skeivt» og «selektivt» er omtale forkjemparare i «Haram ut av Ålesund» gir faktarapporten. Dei gløymer å nemne folkemøta som er annonsert i regi av Haram Arbeidarpartilag og Ålesund Senterparti og som i fleng presenterer rådmann Turid Hanken, ordførar Vebjørn Krogsæter og økonomisjef Levi Lervik i Haram kommune. Haram opphøyrde som kjend 01.01.2020 og desse tre set i dag i viktige posisjonar i Ålesund kommune. Rett skal vere rett, både «Haram ut av Ålesund» og «Vi som vil vere i Ålesund» skal få ordet på desse folkemøta.

Og debatten i dei to leirane har vel kanskje ikkje berre vore oppløftande, og vi kan ane retorikk vi ser breie om seg i utlandet.

Eg skulle ønske at vi snakka om korleis vi skulle oppfylle dei gode intensjonane i den nye kommunen, korleis dei beste eksempla frå dei fem kommunane skulle danne morgondagens tenester til beste for innbyggarane og at ei slik omstilling tek tid, i staden for å krangle om kven som representerer folkemeininga og at alt var betre før.

I staden for å snakke om korleis vi skal løfte tenestene til dei som treng det mest, fell nokon for freistnaden å langt på veg definere rapporten frå BDO som eit administrativt manipulert bestillingsverk til fordel for å halde fram med dagens kommunegrense.

Slik debatten er no nærmar vi oss tilstanden som David Goodhart i si analyse av Brexit omtalar i boka si «The Road to Somewhere». Der blir veljarane eller folket delt inn i to grupper: «Anywheres» som er progressive og har meir til felles med folk på andre sida av kloden enn dei folka som bur i andre delar av kommunen. Dei andre «Somewheres» er dei som er oppteken av trongen til å høyre til ein stad. Dei finn identitet og meining i staden dei kjem frå, familierøter og bakgrunn, lokalsamfunnet, nasjonen og symbola – kort sagt alt slik det var før. Og dei kan ikkje bu kvar som helst.

Vi må vakte oss for å gi våre meiningsmotstandarar meiningar dei ikkje har, og gjennom det skape ei kløft som gjer det vanskeleg å gi vidare i lag, som del av ein felles region anten i ei samla kommune eller ei delt kommune. La oss bygge ein debatt og ei sak som legg fakta til grunn og einast om at identiteten vår eig vi sjølv – og den kan utvidast. Som ringar i vatn, som åringar i eit tre eller lag på lag som i ein løk.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!