Havet er viktig i debatten om det grøne skiftet. «Alle» skal bruke havet: Fisk, fugl, olje, havvind, havbruk, gruvedrift, CO₂-lagring, skipstrafikk, forsvaret … lista er lang. I tillegg skal 30 % av havet vernast, ifølgje Havavtalen.

«Min båt er så liten og havet så stort», heiter det i songen. Her i landet har vi store havareal, men er det store nok tilgjengelege areal? Løfter vi blikket, ser vi at det byrjar bli trongt i ein del havområde, til dømes i Tyskland og Sør-England.

Med havvindplanane eit stort fleirtal på Stortinget har vedteke, kan også vår del av havet bli fullt. Eit vilkår for at SV støtta dette, var føresetnaden om at det skal takast omsyn til fiskeri og miljø. Forvaltninga skal vere kunnskapsbasert, og regjeringa vert pålagt å sikre god miljøkunnskap.

Korleis skal ein klare dette? Ein ny rapport, utarbeidd av jusprofessor Sigrid Schütz mfl. på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, konkluderer med at vi manglar eit heilskapleg lovverk for forvaltning av havområda, og at vi treng arealplanar til havs. Vi har fine forvaltningsplanar, men dei «snakkar» ikkje med andre planar, og nye aktivitetar kjem gjerne inn «bakdøra».

SV var med i havvindfleirtalet av fleire grunnar: Klimaendringane tvingar oss til å erstatte fossil energi med fornybar. Landvind har spela fallitt, solcelleparkar er arealkrevjande, og omsynet til naturmangfald hindrar oss i å legge fleire elvar i røyr. Sjølv om vi satsar på energisparing, oppgradering av eksisterande vassverk og solceller på bygg manglar vi energi, og vi manglar nye grøne arbeidsplassar som erstattar «oljå».

All energiproduksjon har minussider, også havvind. I tillegg til arealkonfliktane, veit vi at både fisk og fugl kan bli påverka av inngrepa. Likevel veit vi for lite til å gjere kloke lokaliseringsval som sikrar sameksistens med dei evigvarande fiskeressursane som har skaffa oss energi i form av mat i mange år, om fuglen sine trekkruter og om kvalen sine løyper. For ikkje å snakke om alle dei små artane som til saman utgjer det økologiske samspelet på kysten og i havet.

Vi treng mykje meir kunnskap, raskt, og vi treng arealplanar som samordnar dei ulike interessene. Hugs at havet skal vere med og fø 10 mrd. menneske i framtida! Det må forskast med lange nok tidsseriar og sumverknad av dei samla påverknadane, og vi må sikre medverknad frå fiskerinæringa, ornitologar og folk flest, for å sikre legitimitet for det som skal skje i havet. Berre slik kan vi unngå tilsvarande opprivande konfliktar som vi opplevde med vindkraft på land.

Frå venstre: Marit Aklestad, Ingrid Opedal og Birgit Oline Kjerstad. Foto: OLAFOTO