Noreg står ovanfor ei formidabel kompetanseutfordring i åra som kjem. Sagt litt enkelt vert utfordringa større jo lengre frå Oslo ein kjem, og jo mindre kommunen vert. For ei rekkje kommunar og samfunn i Møre og Romsdal ventar store utfordringar på dette feltet – både for bedriftene men også for den offentlege forvaltninga.

Men gløymer vi dei som allereie er her?

Skal vi som samfunn lukkast med å møte desse utfordringane er eg overtydd om at vi i langt større grad må integrere rekruttering i all samfunnsutvikling. Eg har forståing for at det kan vera freistande å kaste pengar på eit problem for å løyse det raskt, men kompetanse vil vi mangle på så mange område etter kvart at ei slik løysing ikkje vil fungere. I alle fall ikkje når vi tek på oss storsamfunnet sine briller. Då trur eg det er grunnlag for å spørje seg om ikkje dei offentlege midlane best vert nytta på anna vis.

På sikt er det dei attraktive samfunna, som leverer godt på eldreomsorg, skular, kultur- og fritidstilbod og som har eit livskraftig næringsliv som kan tilby attraktive jobbar som vil vinne fram i kampen om folka.

Vi må hugse på folka som allereie bur i ein region, syte for at desse kan leve gode liv og dermed bli gode ambassadørar for sine heimkommunar og dermed bidra til at fleire kjem dit. Då bør ein også tenke nøye gjennom korleis det kommuniserer og kva det gjer med kjensla til dei som alt bur ein stad, når ein vel å nytte insentivordningar for å løyse kortsiktige problem.

Vidare trur eg mange aktørar og kommunar fokuserer for mykje på å få unge til å flytte heim til sin heimkommune. Kva me alle andre som kan tenke seg å flytte ein stad? Under The North West i Ålesund var prosjektet «Bli med hjem» inviterte til å fortelje om arbeidet dei gjer. Eit svært spanande prosjekt som samlar næringslivet på tvers av ulike regionar, og som jobbar både mot heimflyttarar og andre tilflyttarar. Men korleis appellerer «Bli med hjem» til alle andre som potensielt kunne tenke seg å flytte til Møre og Romsdal? Mitt råd til dei var å vurdere å endre namn til «Bli med hit», og dermed også kommunisere tydeleg ut at i Møre og Romsdal er alle velkomne. Om du vil heim eller hit.

Mange stader og verksemder på Vestlandet slit med mykje av det same når det gjeld rekruttering og kompetanse. Då må vi samarbeide om å auke potten av folk på Vestlandet, heller enn å kjempe mellom byar og regionar på Vestlandet.

Så får ein heller krangle «så busta fyk» om folka når vi fyrst har fått dei hit. Og i iveren etter å verta fleire må vi ikkje gløyme dei som allereie er her.