Haugevis av saker der millionane flagrar til Trøndelag er derimot svære greier der i garden. Hurtigbåt Ålesund-Bergen er eit viktig samferdselstiltak og viktig for folket langs kysten frå Ålesundsregionen og sørover.

Stad skipstunnel kjem, og då vil dette tilbodet med hurtigbåt bli eit knallbra tiltak.

Fungerande fylkesrådmann er mot eit slikt samband, og eg undrast kvar den regionale utviklarrolla som fylket snakkar så varmt om har blitt av.

Forklaringar om dårleg økonomi har vi høyrt frå fylkeskommunedirektør Gunn Randi Seime før. Fasiten er at vi har 760 mill. i fond pr. dato.

Absolutt alt av samferdsel, ferjer, buss og hurtigbåtar er finansiert/subsidiert av staten.

Skulle ein brukt slike argument om subsidiering, og såleis med den bakgrunn seie nei, hadde her ikkje vore ei einaste ferje, ein einaste buss eller hurtigbåt i heile fylket.

Dette er greinalaus næringspolitikk eller totalt mangel på dette frå fylkesadministrasjonen.

Hadde fungerande fylkesrådmann i staden begynt å «rydde» i gangane på fylkeshuset, i staden for å byggje ned infrastrukturen her i fylket, kunne ein kutta haugevis av uproduktive stillingar, som hadde frigitt midlar til enda meir næringsutvikling, vidaregåande skular og til samferdsel.

Hurtigbåtrute frå Ålesund til Bergen er fornuftig, og vil vere eit viktig tilbod for heile landsdelen. Så får dei berre fortsette å sete der på fylkeshuset på Molde, og vere imot alle tiltak på Sunnmøre.

Vi andre, får arbeide for gode infrastrukturtiltak slik som denne hurtigbåtruta faktisk er, og kjempe for at dette blir realisert.